Velkommen til bryllaup

Tradisjonen tru vert det bryllaup på Sterke Nils­tunet under Dyrsku’n. Laurdag 10. september klokka 15.00 skal Marie Ridderhus og Øyvind Lillefosse Ofte bli smidd i hymens lenkjer, og du er velkommen til å vere med.

28.08.2022

Tekst: Stine Helland, Tun Byrå | Foto: Magnus Wiig, Tun Byrå

På Raulands solside ligg den tradisjonsrike familie- garden Uppheim. Saman med hovudhuset dannar gamle og småskakke hus eit lunt og triveleg tun. Husa osar av tradisjon og gammal handverkskunst med utskjeringar og kunstnariske detal- jar. Ho har sølvsmedverkstad i det gamle bakstehuset. Han sveisar og fiksar i låven. Det komande brude- paret kjem oss hjarteleg i møte på tunet og fortel at dei trivst godt her på Uppheim. Her har dei utsyn over innsjøen Totak, og god plass til både familie og morosame påfunn.

Frå Hønefoss til Rauland

Det er ho som startar forteljinga om dei to som skal no skal smis i hymens lenkjer på Dyrsku’n føre ein hær- skare av kjende og kjære, men òg mykje framande folk.

–  Eg er eigentleg frå Hønefoss, men Rauland er det eg kallar heim, seier Marie Ridderhus og ler.

Ho har aldri budd så lenge nokon stad som ho no har budd i Rauland.

Aldri har ho heller angra på at ho slo seg ned i denne trivelege bygda. Det var medan ho studerte økonomi og leiing i Tromsø, at Marie kjende at dette ikkje heilt var greia hennar. Ho såg seg om etter eit skifte og søkte på nettet etter skular med meir kreative tilbod.

–  På den tida hadde eg aldri høyrt om Rauland, men fann informasjon om Høgskulen i Telemark sitt studie- tilbod innan kunst og kultur. Eg har alltid vore interessert i design og handverk, så eg søkte og fekk plass. Det var ikkje så dumt, konkluderer Marie og sender Øyvind Lillefosse Ofte eit kjærleg blikk.

– Eg er oppvaksen her i bygda, men har jobba stort sett over heile verda. På den tida var eg stasjonert i Kina. Det var eigentleg heilt tilfeldig at vi treftes, seier Øyvind og fortel om kvelden dei møttest på puben i bygda.

Kjærleik ved fyrste blikk

Han var trøytt den kvelden og var eigentleg ikkje var så gira på å gå ut, men kompisen gav seg ikkje, og til sist vart Øyvind med ein tur på puben.

Det skulle vise seg å vere eit lukkeleg val, for der trefte han ei jente som han ikkje kunne få augo sine ifrå.

–   Eg var stygt sminka. Det var Halloween og eg hadde eit stort sår på tvers av halsen, mimrar ho og ler den lystige latteren sin.

–  Tja, eg hugsar berre at eg såg ei flott jente som eg ikkje kjende i frå før, men som eg tenkte at eg måtte kome i kontakt med. Eg såg med ein gong at du ikkje var som alle dei andre, seier han kjærleg.

Etter den kvelden i 2011 har det vore dei to, og no fleire år og to born seinare, har ingen av dei angra på det valet. Det er han og ho, Øyvind og Marie.

Par: Det er han og ho, Øyvind og Marie
Foto: Magnus Wiig, Tun Byrå

Metallet sameinar

Ho er sølvsmed og smykkekunstnar, sterkt inspirert av lokale segn og mytar. Etter å ha starta på botn har ho no jobba seg opp til å få eit namn i det norske miljøet for smykkekunst. Han er utdanna lastebilmekanikar og sveisar, med kjærleik for gamle bilar og kreative løysingar på det meste.

–    Øyvind ser aldri utfordringar, berre løysingar. Dessutan er han ein vidkjend god sveisar, seier Marie stolt.

– Å sveise ein sveis kan mange få til, men gleda ligg i det å lære seg korleis ulike metall oppfører seg i ulike vin- klar og temperaturar, svarar Øyvind.

Han fortel at nettopp gleda av å arbeide i metall er noko dei har til fel- les, endå på litt ulike arenaer. Han har prøvd seg i verkstaden til Marie, men har konkludert med at smykkekunst vert for smått og pirkete. Sånn sett er nok han grovsmeden, der ho er finsme- den. Likevel har han ein utsøkt teft for detaljar, og ikke minst veit han korleis ein vinn prinsessa og halve kongeriket.

–  Eg laga faktisk ringar i syrefast stål som eg fridde med. Det var jo litt morosamt. Så har ho laga versjon to av ringane i sølv i ettertid, litt etter mitt design, fortel han stolt.

Det er slik med dei to at dei likar å skape ting i lag. Mange prosjekt har starta med at ho har fått ein idé, så har dei vore kreative i lag, og til slutt har han verkeleggjort ideen. Det er tydeleg at samhaldet er sterkt, og at dei har ein djup respekt for kvarandre der dei sit i sommarsola.

Gamal kjærleik rustar ikkje

– Å bli smidd i hymens lenkjer på Sterke Nils-tunet er stort. Seremonien er heilt fantastisk, og eg elskar symbolikken. To hjarte blir smidde saman, men len- kja kan breste og jarnet kan ruste. Både kjærleiken og metallet må pleiast for å halde seg sterkt. Det er jo akkurat som i livet elles, seier Marie tankefullt.

– Seremonien på Dyrsku’n blir garantert ei heilt rå oppleving som gjev gode minne for livet. Eg likar symbolikken i at det òg er to fami- liar som blir sameina i ekteskapet. Dersom lenkja brest, er det fleire enn paret sjølv som vert ramma, legg han til og ser utover vatnet som blenkjer i ettermiddagssola.

Dei har begge eit nært og person- leg forhold til Dyrsku’n. Som lita var ho ofte på Dyrsku’n i lag med foreldra sine, som begge har vore svært enga- sjerte i Husflidsutstillinga. Ho min- nest Dyrsku’n som eitt av årets høgdepunkt i barndomen.

I 2015 vann ho Dyrsku’ns Stimuleringspris for ei emaljert bro- sje i sylv. Prisen var viktig for å tore å satse på smykkekunsten. Dei siste tre åra har ho jobba som prosjektleiar for Husflidsutstillinga, og ser bryllaupet på Dyrsku’n som ein fin måte å slutte sirkelen på.

–  Slik er det òg for meg. Eg har vore på Dyrsku’n i alle år, og faktisk var det der mine foreldre fann kvarandre. Det gjev bryllaupet på Dyrsku’n endå ein dimensjon, seier han.

Eit godt team for framtida

Paret står ved eit vegskilje. Øyvind har i mange år arbeidd i oljeindustrien og har vore borte vekesvis om gongen anten i utlandet eller off shore. Marie har vore mykje heime åleine med dei to herlege gutane dei har i lag. No skal dei to, han og ho, starte eiga bedrift i lag og forsyne Raulands innbyggjarar med trelast. Det blir ei ny oppleving som dei begge gler seg til.

–  Det er på tide å komme heim no. Eg vil gå på arbeid om morgonen og komme heim til familien om kvelden, slik andre gjer, seier Øyvind og får full støtte av Marie, som gler seg til å ha han heime på dagleg basis.

– Vi trivst i kvarandres selskap og er gode på å gje kvarandre tid til å gjere eigne ting, seier ho og forsikrar oss om at ho ikkje heilt skal leggje smykke- kunsten på hylla.

Det vil framleis vere aktivitet i både bakstehus og låve på Uppheim, der ungane leikar og katten klatrar i trea. Men fyrst skal dei på Dyrsku’n og smis i hymens lenkjer.