Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Verdas beste ost til Dyrsku’n

Tingvollost med sin ettertrakta Kraftkar blir å finne på Noregs største mat- og landbruksmesse Dyrsku’n.

09.08.2017

Foto: Per Kvalvik

Det har vore eit eventyr, seier ostebonde i Tingvollost Kristin Waagen om Kraftkar, osten som nettopp vart kåra til verdas beste. Vi gler oss til å møte det store Dyrskupublikummet og mange store og små produsentar på den tradisjonsrike og mangfaldige messa.

Blåmuggosten frå Saghaug gard på Nordmøre danka ut konkurrentar frå store osteland som Frankrike og Italia. Verdsmeistaren er norsk. Men det er ikkje berre Kraftkar frå Tingvollost som har høsta gode kritikkar. Alle dei fire ostane til det lille og store meieriet på Nordmøre har vunne medalje under World Cheese Awards. På Dyrsku’n kjem dei for å fortelje om sin suksess og om kva som skal til for å lage verdas beste ost.  Det blir også høve til å smake på den ekslusive osten i det store lokalmatteltet  opningsdagen. «Vi er svært tilfreds med at Tingvollost ynskjer å koma til Dyrsku’n for å fortelja si historie og la endå fleire få smake på den svært ettertrakta osten. Det er fantastisk kva Tingvollost har fått til, og vi håpar det vil vere til stor inspirasjon både for dei mange lokalmatutstillarane og besøkande til Dyrsku’n», seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.

Fakta om Tingvollost:

  • Tingvollost blei etablert i 2003 på Saghaug gard i Tingvoll kommune på Nordmøre.
  • Meieriet er familiedreve og i dag bur det heile 4 generasjonar saman på bruket.
  • På Saghaug gard er det tradisjonar for handverk heilt tilbake til 1300-talet og det vert kun nytta pasteurisert mjølk frå eigen gard i osteproduksjonen
  • Tingvollost sine ostar har vunne ei rekke prisar, både nasjonalt og internasjonalt. Blåmuggosten Kraftkar vant i 2016 prisane World Champion (Verdas beste ost) under World Cheese Awards i San Sebastian, Spania – samt Champion of Champions (verdas beste ost gjennom konkurransens 29-årige historie).
  • Alle dei fire ostene til Tingvollost har vunne medalje under World Cheese Awards.