Skal du gifte deg i 2022? No har du moglegheit til å bli årets brurepar på Dyrsku’n!
Eit bryllaup er i seg sjølv ein svært spesiell og minneverdig dag. Eit bryllaup på Dyrsku’n er ei unik oppleving som få andre får oppleve!
Vi kan tilby hesteskyss og spelemannslag, ein kyrkjeleg eller borgarleg vigsel og smiing i Hymens lenker med påfølgande privat bordsete etter seremoniane. Vi er med i planlegginga for den store dagen, og syr det heile saman med dykk, prest, smed og kjøgemeister. Du slepp difor å stresse for mykje på bryllaupsdagen og kan heller fokusere på å nyte augneblikket og kvarandre.
Å bli smidd i Hymens lenker er ein gammal tradisjon som fortsett blir praktisert i Gretna Green, Skottland. Hymen er guden for bryllaup og ekteskap i gresk mytologi og romersk religion, og seremonien er ei stadfesting på det løftet brureparet har gitt kvarandre i vigselen.
Vil du ha ei annleis feiring av bryllaupet ditt? Send oss ein søknad på post@dyrskun.no innan 1. mars 2022 og fortel kvifor de har lyst å gifte dykk på Dyrsku’n.
Har du spørsmål? Ring oss gjerne på telefon 35 06 57 70!

Brudeparet på Dyrsku’n i 2019, Linn-Therese og Hans-Martin