– Det er mykje fint her, men denne var best, konstaterer Birte Haugerud frå Tromøya.
Venninna Karen Sørensen frå Oslo er heilt einig. Knaggrekka er bare lekker.
Plutseleg blir dei to venninnene merksame på ein kjent person som nærmar seg. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad er på omvisning med utstillingsansvarleg på husflidsutstillinga, Eva K. Flatin.
– Å, du må bare sjå denne, seier Birte, vender seg til ministeren medan ho peikar på den smidde 1. premierte knaggrekka på veggen.
Bollestad studerer og kommenterer at det er flotte ting ho ser, før ho blir ført vidare. Dei to damene er fornøgde med at dei har fått vist fram det dei synest var det finaste. Begge to er levande opptekne av design, og elskar å vandre rundt i husflidsutstillingane på Dyrsku’n.
– Vi går rett forbi alle landbruksmaskiner og rett inn hit, seier Karen.
Birte har hytte på Vierli og i dag tidleg møttest dei to venninnene i Seljord. Neste post på dagens program for desse to er ei vandring i Lokalmat-teltet.