I Fjoset finn du Telemarkskyr på dei gamle trebåsane, her blir dei fóra og mjølka på gamalt vis, mjølka blir separera og deretter sendt til Ystebua for kinning og ysting. På Sterke Nils-tunet kan ein følgje produksjonen frå fjøs til bord, og smake på nykinna smør og ny-ysta ost av beste kvalitet.
I stallen på Sterke Nils-tunet finn du Fjordhesten, her kan du vere med å pusse og stelle hesten slik at den kan vise seg frå si beste side under Dyrsku-dagane. Du kan òg lære om skoing, klypp av man og påseling og påsaling av Fjordhest.
Geitene må mjølkast, og vil du vere med og prøve, så er det lov!
På ein gamal gard måtte ein vere sjølvhjulpen, på Sterke Nils-tunet kan du stifte nærare kjennskap til gamle handverkstradisjonar, brukskunst og sjølvberging, hovslaging, og gamle motorar og maskiner.
I tillegg er det fleire daglege, kulturelle innslag på tunet, sjå program for oppdatert oversikt.
Ystebua
På Sterke Nils-tunet og i Ystebua kjem du tett på råvarene, handverket og menneska bak tradisjonell norsk matkultur – med særleg fokus på gards- og setermjølk og dei rike smakane som spring ut av denne delen av landbruket.
Årets satsing er gards- og setermjølk – og i Ystebua kan du utforske korleis denne råvara blir til smårettar, smaksopplevingar og foredla produkt med særpreg. Her kan du sjå, smake og kjenne korleis mjølka frå gard og seter får ulik karakter gjennom dyreslag, beite og foredling – frå milde og runde smakar til meir markante uttrykk. Gjennom demonstrasjonar, ysting og levande formidling blir Ystebua ein stad der nysgjerrigheita blir vekt, og der du kjem tett på både smaken, historia og handverket bak.
Gjennom aktivitetar, demonstrasjonar og smaksopplevingar får publikum oppleve korleis mjølka frå gard og seter blir til mat med historie, identitet og handverk i kvar munnfull.
Kven var Sterke Nils?
Nils Olavson Langedal, eller Sterke Nils som han er best kjent som, blei født omkring 1720 på Rullerud i Brunkeberg i Kviteseid i Telemark.
Stogo som Sterke Nils vaks oppi finn du på tunet på Dyrskuplassen. Under Dyrku’n kan du innom og høyre Seljord sogelag fortelje om han og andre sogefigurar i området.
Vil du veta meir om Sterke Nils, sjå snl.no. Infotavler finn du på plassen på Sterke Nils-tunet.
