Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Frå ungdomsmønstring av ku på Dyrsku'n

Melde deg på konkurransar og tevlingar?

Vil du delta i husdyrmønstring eller på Noregs største husflidstevling? Eller er hesten din så vakker at den fortener 1. premie? Les meir om dei ulike konkurransane du kan delta på i Dyrsku’n.

Dyreutstillingar på Dyrsku'n

Meld deg på dyreutstillingar

Dyreutstillingane og Telemarkskua er framleis ryggraden i Dyrsku’n, og Fjoset med husdyr, dømming og mønstring er hovudarenaen på Dyrskuplassen. Meld deg på dyreutstilling for ku, hest og geit her.

Hesteutstillinga på Dyrsku'n er blant ei av dei største i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt. Kaldblodstravaren Ness Tjo Stjernen vart kåra til Dagens unghest på Dyrsku'n 2019.

Hesteutstillinga på Dyrsku’n

Hesteutstillinga på Dyrsku'n er ei av dei største utstillingane i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt. Vi inviterer hesteeigarar til å mønstre hest på årets Dyrsku, og spesielt ynskjer vi velkommen til dei særnorske rasane. Velkommen som hesteutstillar på Dyrsku'n!

Rikke Kåsa vann i 2019 Norges Husflidslag sitt diplom for godt handverk med si fantastiske raudtrøyedrakt for barn, etter modell av dokkeklede på Norsk Folkemuseum.

Deltakar på Husflidstevlinga

Saman med Vest-Telemark Museum og Norges Husflidslag som fagansvarleg arrangerer vi landets største tevling i husflid, handverk og design, før arbeida vert synt fram i ei spennande utstilling under marknadsdagane på Dyrsku'n. I utstillinga kan du og sjå ei dagsaktuell særutstilling, spennande gjesteutstillarar, demonstrasjon av handverksteknikkar og flotte elev- og studentarbeid. Vil du delta i tevlinga?

Husflidstevlinga på Dyrsku'n er Noregs største tevling i husflid, handverk og design

Tidlegare vinnarar av priser

Heidersprisen, Stimuleringsprisen og Nyskapingsprisen delast ut under Husflidustevlinga på Dyrsku'n. Her finn du oversikt over tidlegare vinnarar.