Dyreutstillingar på Dyrsku'n

Meld deg på dyreutstillingar

Dyreutstillingane og Telemarkskua er framleis ryggraden i Dyrsku’n, og Fjoset med husdyr, dømming og mønstring er hovudarenaen på Dyrskuplassen.

Dyreutstilling 2025

Dyrevelferden kjem alltid fyrst på Dyrsku’n og i samband med Blåtunge-viruset (les meir her), er det sett strenge føringar frå myndigheitene for transport og samling av drøvtyggarar.

For at vi skal kunne ivareta den viktige dyreutstillinga på Dyrsku’n, inviterer vi derfor i år til ei heilt ny utstillingsform som både tar i vare god dyrevelferd og sikrar brei geografisk deltaking, samstundes som publikum både kan lære om og oppleve desse fantastiske husdyra våre.

Sjølve husdyrutstillinga vil i år foregå som ei «vandreutstilling» der domarane reiser til dei ulike gardsbruka og dømer dyra på eige bruk. Publikum vil få sjå bilete og møte domerane som vanleg på Fjoset. Utviklinga av viruset er endå usikkert, men vi vil saman med Mattilsynet, Animalia og faglaga gjere vårt ytterste for at det også skal vere mange levande dyr representert på Dyrsku’n og på Fjoset.

Fredagen på Fjoset – dette skjer 12. september:

  • Kyr på området, avhengig av kor tiltakssona går i september
    Utvalde produsentar får moglegheit til å stille med kyr for publikum
    Desse vert også inviterte til å delta i opningsopptoget kl. 16.00
  • Storskjermvisning med bilde av premierte dyr, presentasjon av grunnlag premiegrad og premieutdeling
  • Aktivitetar og servering i regi av Nome vgs avd. Søve og mjølkeprodusentar i Telemark – mellom anna gratis iskald mjølk frå dispenser og kalveleiing for born
  • Kua har ein spesiell mage, som gjer at ho kan gjere gras om til mjølk. Kom og sjå korleis denne magen ser ut
  • Visste du at kuene òg ligg på god madrass..? Kom til Fjoset på fredagen så får du prøve
  • Geiteutstillinga går som tradisjonelt inne på Fjoset
Husdyr på Dyrsku'n

Skal du stille ut dyr og treng overnatting? Bestill plass på eigen husdyr-camp!

For deg som ynskjer å overnatte på husdyrcamp

Registrer din elektroniske booking til Grenlandsaksjonen på
www.grenlandsaksjonen.no  

Ved spørsmål, ring mobil 930 47 303.