Hesteutstillinga på Dyrsku'n
Er det utdeling av prisar i samband med husdyrtevlingane?
Det har blitt en tradisjon å dele ut fleire prisar i samband med husdyrtevlingane på Dyrsku’n.
Dei største prisane er:
Seljordprisen (kvart år) – Seljord kommune
Dyrskuprisen (kvart år) – Samarbeidsrådet for Buskerud, Vestfold og Telemark og Telemark Landbruksselskap
Johan Lindeqvists Sølvkande for kvæavl (kvart 3. år) – Telemark Landbruksselskap
Hans Kleppens Vandrekrus (kvart år) – Telemark Landbruksselskap
Seljordprisen og Dyrskuprisen delast ut til beste ku, geit og hest
Landslaget for Telemarkfe delar ut
Dyrsku-bjølla (kvart år)
Gro og Hølje Brekkas vandrepremie (kvart år om verdige kandidatar)
Beste ungdyr (kvart år)
Her finn du informasjon om årets prisar.
Har du spørsmål om hesteutstillinga?
Hesteutstillinga på Dyrsku’n har utvikla seg til å bli ei av dei største utstillingane i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt. Vi inviterer hesteeigarar til å mønstre hest på årets Dyrsku, og spesielt ynskjer vi velkommen til dei særnorske rasane. Velkommen som hesteutstillar på Dyrsku’n!
Utstillinga held til i hjartet av messeområdet og gjev eit unikt høve til å oppleve Noregs største landbruksutstilling med gode opplevingar innan mat, landbruk, husflid, handverk, handel og kultur. På laurdag får du sjå ei forrykande hesteoppvising i Fjoset, full av fart og spenning.
Les meir om hesteutstillinga på Dyrsku’n her.
Har du andre spørsmål kring utstillinga?
Kontakt Ine Dahl – forbundssekretær i Telemark Travforbund
ine.dahl@travsport.no
Tlf. 450 07 063
Påmelding og påmeldingsfrist for hest?
Hesteutstillinga på Dyrsku’n har utvikla seg til å bli ei av dei største utstillingane i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt. Vi inviterer hesteeigarar til å mønstre hest på årets Dyrsku, og spesielt ynskjer vi velkommen til dei særnorske rasane.
Påmeldingsfrist for hest er 18. august 2024
Påmeldingsavgift:
Hoppeutstillinga laurdag kr. 850,-
Unghestutstillinga for 1- og 2-åringar sundag kr. 680,-