Generelle reglar
Det er arrangøren som avgjer kven som får tildelt standplass på årets messe. Plassering er gjort etter beste skjønn og vurdering.
Med å sende inn elektronisk søknadsskjema stadfester du at du søker om standplass i samsvar med reglane, og at du er bunden av desse.
Alle utstillarane skal følgje gjeldande norske lovar og aldersgrenser, og spesielt lovar og reglar for sal jf. m.a. brukthandlar-lova og lov om meirverdiavgift.
Arrangøren vil vise bort utstillarar frå plassen og avvise framtidige søknader frå utstillarar som ikkje følgjer desse reglane.
REGLAR – DYRSKU’N 2022
Med atterhald om justeringar
Vi ynskjer at Dyrsku’n skal vere eit profesjonelt og føreseieleg arrangement kor utstillarane får vist fram sine tilbod på ein best mogleg måte i hyggelege omgjevnader. Plassen skal vere trygg, ryddig og tilgjengeleg.
For å oppnå dette har Dyrsku’n Arrangement AS følgjande reglar for utstillarane under DYRSKU’N:
Generelt
- Kontaktpersonen har ansvar for å informere sine kollegaer/medarbeidarar på standen om gjeldande reglar.
- Vi ynskjer ein god miks og oversikt over aktiviteten og det er av den grunn ikkje høve til framleige eller bytte av stand.
- Plassen er disponibel ei veke før og ei veke etter arrangementet.
- Vi ynskjer å bruke alt areal, og plassar som ikkje er teken i bruk innan fredag kl. 08.00, vil såleis bli gitt til andre.
- Salsplassane skal halde opent i heile opningstida frå kl. 09-20 på fredag og laurdag, og 09-18 på sundag. Tildelt standskilt skal hengast godt synleg opp på standen. ID-band skal vere festa rundt armen under heile arrangementet.
- Plakatar og anna reklame kan ikkje setjast opp eller distribuerast utanom eigen stand.
- Ambulerande sal er ikkje tillate. Alt sal/marknadsføring skal skje inne på eigen stand.
- Bruk av droner må søkast om i kvart einskild tilfelle.
Salsplassen
- Telt/vogner/bilar må få plass innanfor måla på standen (også drag på vogn/bardunar/betonglodd til telt). Telt e.l. må vere forsvarleg festa med betonglodd e.l.
- Flaggstenger skal sikrast forsvarleg og det er ikkje lov å feste banner e.l mellom to stenger.
- Vi oppmodar til å parkere privatbilar på parkeringsplassen for utstillarar.
- Utstillar disponerer standplass frå vegkant og bakover hovudsakleg til midten av feltet. Ved tvilstilfelle, ta kontakt med Utstillarkontoret for tilvising.
- Det er utstillars ansvar å halde salsplassen og området rundt ryddig og fri for søppel.
- Ei veke etter utstillinga må alt gods vere fjerna frå utstillingsområdet. Om dette ikkje har skjedd, blir den enkelte utstillar belasta for utgifter med å rydde plassen.
- Utstillarar som har særskilte behov for straum, må sjølv ha dette i beredskap i tilfelle straumbrott. Det er ein straumkurs (ca. 1,5kw) inkludera i standleiga. Alt utover dette må meldast inn til arrangør i god tid. Ved bestilling av ekstra straum etter 15. august kjem eit påslag på 20%
- Kvar salsplass skal ha minimum 1 stk. 6 kg brannslokkingsapparat.
- Bruk av stemmeforsterkar/lyd-anlegg er ikkje tillate. Ta omsyn til dine naboar! Dette gjeld og støy frå maskinar, sagbruk osb. Tenk at det skal vere mogleg å snakke saman på nabostanden.
- Gjeldande reglar for bruk av verneutstyr i samband med opp-/nedrigg skal følgast.
- Det er ikkje tillate å prøvekøyre utstyr/maskinar under marknaden. Dette gjeld òg t.d. Segway og elektriske syklar. Gravemaskinskuffer m.a. skal stå på bakken under arrangementet.
- Ved evt. oppstart av maskinar, skal dette gjerast under påsyn av utstillar. Nyklar skal fjernast frå maskina etter bruk.
Sal
- Alle som sel næringsmiddel må vere registrera hos Mattilsynet.
- Alle må følgje krav til kassasystem (kassesystemlova) og regelverk frå 01.01.2019.
- Arrangøren har inngått avtale om sal av serveringsmat på plassen. Det er ikkje tillate å selje serveringsklar mat utan avtale.
- Sal av sukkerspinn, popcorn, baconcrisp o.l. er ikkje tillate utan avtale.
- Loddsal. Seljar må sjølv ordne med løyve frå politiet.
- Ulovlege varer: Sal av el-sigarettar, softgun, fjær-/luftvåpen, gassballongar, sprayboksar som medfører forsøpling, varer som medfører helsefare, narkotikasymbol/brukarutstyr, kastestjerner, sverd, kinaputtar, springknivar o.l. er ikkje tillate. Det er ikkje lov å selje varer som strider mot norsk lov.
Ferdsel
- Varetransport må skje før og/eller etter opningstida dei tre Dyrsku’n-dagane. Dette gjeld for alle køyretøy, også ATV. Sundag kveld opnar portane for innkøyring til plassen kl. 18.30.
- Fartsgrensa for køyring inne på marknadsområdet er maks 20 km/t.
Ansvar
- Utstillarane skal følgje gjeldande norske lovar og aldersgrenser, og spesielt lovar og reglar for sal jf. m.a. brukthandlar-lova og lov om meirverdiavgift.
- Utstillarane er ansvarlege for skader utført i aktløyse som dei, folka deira, produkt, utstyr o.l. påfører bygningar, innreiingar, anlegg og personar.
- Alle utstillarane skal ha teikna eigen ansvarsforsikring med ein forsikringssum på minimum kr. 10 millionar skadetilfelle.
- Arrangøren dekker ikkje tap eller tilbakebetaling av utlegg (leige, avgifter o.l.) i samband med forhold som ligg utanfor vår kontroll; t.d. vêr, tredjemanns- og leverandørars handlingar, force majeure o.l. I alle høve kan det ikkje krevjast erstatning for indirekte tap.
- Arrangøren dekker ikkje tap i samband med tjuveri, skadeverk, sabotasje o.l.
Ro og orden
- Det er tillate å overnatte på eigen stand. Tal på personar som overnattar skal meldast inn ved innsjekk.
- Det skal vere tilgang til brannslokkingsapparat i overnattingseininga.
- Det skal vere ro på plassen i perioden 24.00-06.00
Sanksjoner
- Ved brot på reglane kan arrangøren vise bort utstillarar frå plassen og avvise framtidige søknader frå utstillarar.
Avbestilling
- Frist for avbestilling av tildelt standplass er 15. juni
- Ved avbestilling etter oppgitt dato, må standleige betalast i sin heilheit.
Kontakt under arrangementet:
Alle spørsmål i samband med reglane rettast til Utstillaransvarleg eller Vakt- og beredskapsleiar