Velkomen til barnas Dyrsku’n

Det er morosamt å vere barn på Dyrsku’n! Vi tilbyr eit vell av aktivitetar for både store og små. Kva med ponniriding, handverksaktivitetar, bli viking for ein dag og Tivoli?

På Dyrsku’n kan du velje og vrake i aktivitetar!

Sjå alle aktivitetar på Dyrsku’n 2026.

Kom tett på dyra

Dyra er sjølve hjartet i Dyrsku’n, og for mange av dei yngste er møtet med dyra noko av det aller største.

På Barnas Bondegard ved Informasjonen møter du dyr og aktivitetar i regi av Nome vidaregåande skule, avdeling Søve, saman med DuVerden Vitensenter. Her er det lagt til rette for leik, læring og gode møte med dyra.

På Ridebanen blir det ponniriding gjennom helga, og på Kjøttfearenaen kan familien få med seg både kaninhopping, gjetarhund og sau, saueklipping og westernhesten i arbeid med storfe.

I Fjoset og Husdyrhallen er det også mykje å sjå og lære om norske husdyr og livet på garden.

Ponnniridning på Dyrsku'n

På Ridebanen kan du ri ponniar under Dyrsku’n

Leik og læring på Skogtunet

På Skogtunet kan små og store bli betre kjende med skogen og skogbruket. Her kan borna mellom anna byggje fuglekasse, spikke, gå natursti i Barneskogen og prøve skogsmaskinsimulator.

Dei kan også prøvesitje ein ekte hogstmaskin og teste kunnskapane sine i skogquiz. Her er det mykje å utforske for nysgjerrige små skogsarbeidarar.

Minikurs Skogpleie

Dyrk, haust og smak med Geitmyra

Kvar kjem maten frå – og korleis smakar han eigentleg?

Hos Geitmyra i Matkvartalet får barn og unge utforske maten med alle sansane. Under «DYRK–HAUST–SMAK» kan du mellom anna dyrke ein spire, skrelle ei rot, smake på plantar, lage ditt eige krydder og gå på jakt etter belgvekstar.

Her handlar det om matglede, nysgjerrigheit og om å lære meir om det vi dyrkar og et.

Bli viking for éin dag

Nysgjerrig på korleis vikingane levde? I vikingleiren med Olavs menn finn du ei rekke spennande aktivitetar for små og store. Prøv deg på bogeskyting, fekting med skumvåpen, runerissing og hesteskokasting, eller prøvesit høvdingstolen med vikinghjelp eller krone på hovudet. Leiren har eit historisk autentisk grindverksbygg, fleire vikingtelt og ei lite utstilling av vikingvåpen og -utstyr. Ein eller fleire smedar blir å finne i sving ved ambolten, og du er hjarteleg velkommen til å slå av ein prat med vikingane om alt som har med vikingtida å gjere.

Sjå korleis mjølka blir til mat

På Sterke Nils-tunet kan du kome tett på gamle budeietradisjonar og sjå korleis mjølk blir til mat.

Her blir det mellom anna mjølking av Telemarksku og geit, separering, ysting, primkoking og kinning av smør. Ein levande måte å bli kjend med både landbrukshistoria og maten vår på.

Telemarksfeet er opphavet til Dyrsku'n sidan 1866. Du kan framleis møte den vakre rasen på Dyrsku'n

Foto: Dyrsku’n/Mona B. Kasin

Speidaraktivitetar og opplevingar

På Kjøttfearenaen inviterer Norges Speiderforbund – Telemark krets til speidaraktivitetar og speidarkarusell gjennom dagen. Her finn du også Norsk Industriarbeidermuseum, som legg opp til leik, læring og opplevingar for heile familien.

Snekkarverkstad for born

I Gongestogo kan borna prøve seg som små handverkarar. Vest-Telemark Fortidsminneforening inviterer til snekkarverkstad, samtidig som dei viser korleis gamle vindauge blir restaurerte.

Ei fin anledning til både å bruke hendene og lære meir om gamle handverkstradisjonar.

Kutoppen kjem til Dyrsku’n!

Sundag blir det ekstra liv på TettPå Stor når dei populære karakterane frå Kutoppen inviterer til show med song og dans. Eit høgdepunkt for dei yngste – og kanskje også for dei vaksne som kjenner gjengen frå før.

Tivoli med pariserhjul

Lunds tivoli kjem som vanleg til Dyrskuplassen med alt dei har av attraksjonar for heile familien, frå småborna til dei større og meir adrenalinsøkande. Pariserhjulet «Opera» er 45 meter høgt og Nord-Europas største – eit høgdepunkt for mange. Om du ynskjer meir fart, kan du prøva «Go2Gate», som sender deg 40 meter opp i bakken i 120 kilometer timen. Det blir sjølvsagt også både flygande elefantar og Nordens største morohus. På «New York Grand Central Terminal»-bana kan du køyre klassiske gule taxi-radiobilar, og vil du heller snurra fort rundt og rundt, er kanskje karusellen «Fireball» noko for deg. Spenn fast setebelta, no køyr vi!

Familieoppleving på Dyrsku’n

Husdyr er ein stor del av sjela til Dyrsku’n, og dyras rolle i norsk landbrukshistorie står i sentrum for mange av aktivitetane på messa. Her kan store og små helse på dyr i ulike situasjonar – på Sterke Nils-tunet, i Husdyrhallen, på Ridebanen eller i Fjoset.

Vi på Dyrsku’n ynskjer alle familiar velkommen til å lære meir om kvar maten vår kjem frå, og kor avgjerande dyra har vore for norsk landbruk. Er du fortsatt usikker på bandet mellom Dyrsku’n og dyr? For å stoppe ein kvar tvil om relasjonen – sjølvaste dronninga av Dyrsku’n er ei ku!

Sjekk programmet, så er du trygg på at du får med deg alt.

Dyrsku’n vil ta godt vare på dei minste gjestene våre, og har lagt til rette for dette på Dyrskuplassen.

Stellerom finn du på dei største toalettbygga, ammerom finn du i 2. etasje på Husdyrhallen.

Gjer deg godt kjent med kartet før du kjem, så slepp du å leite når behovet melder seg.

Åpne på egen side

Da kan du gå til informasjonen, som er møteplassen om man mistar dei vaksne man kom saman med.

Her vil vi hjelpe deg med å få tak i dei vaksne.

Åpne på egen side

Ja det er det, Dyrsku’n byr på mykje moro for born.

Det er morosamt å vera born på Dyrsku’n!

Her finner du oversikt over aktivitetar for både store og små.

Åpne på egen side

Noregs største tivoli, Lunds Tivoli kjem attende med karusellane sine. Her blir det garantert fart og moro!

Åpne på egen side