Konkurransar og tevlingar

Det heile starta som eit fesjå for Telemarkskyr i 1866.

I 1871 vart utstillinga utvida vidare med dømming av hest. Den dag i dag står desse to dyreslaga framleis som eit av dei viktigaste kjerneområda i marknaden vår, saman med geiteutstillinga.

Vi har ikkje berre fokus på dyr i Dyrsku’n, kvart år får vi inn nokre av dei vakraste husflids- og handverksprodukta frå heile landet som blir sendt til bedømming. Dommarane har alle særmerkt seg i sine fag, og det er uttala at det «er den største og strengaste husflidstevlinga i heile Noreg».

Her kan du sjå resultat og kåringar gjennom heile Dyrsku-helga.

Bilete: Geir Helge Espedalen og Marit Mæland frå Dyrsku’n delte ut Heidersprisen 2025 til vinnaren Barbro Tronhuus Storlien. Foto: Mona Kasin.

Heidersprisen 2025

Årets heiderspris går til Barbro Tronhuus Storlien. Vinnaren har gjennom fleire tiår vore ei samlande kraft for bunad, handverk og immateriell kulturarv.

Premieliste

Premieliste for Husflid, handverk og design på Dyrsku´n 2026. Produkta kan du sjå utstilt i Hall B under arrangementet.

Årets mat og drikkeprodukt 2025 Stodalen Gardsbruk
Mat

Årets mat- & drikkeprodukt

Vi gratulerer vinnaren av Årets lokalmatprodukt – Stordalen Gardsbruk frå Tinn i Telemark – med EKTE BRUN GEITOST! Årets vinnar vippa juryen av pinnen!

Finalister Årets unge bonde 2025.

Årets unge bonde 2025

Vi gratulerer Jens Ludvig Sørli (23) frå Skjeberg som Årets unge bonde 2025! For 16. året på rad har Årets unge bonde blitt kåra. Også i år fann kåringa stad på Dyrsku’n – denne gongen under opningsarrangementet.

Ødhumbla Årest Lokalmatgrunder 2025
Mat

Årets lokalmatgründer 2025

Vi gratulerer Ødhumbla som vinnaren av Årets lokalmatgründer! For ellevte året på rad har MENY, Hanen og Dyrsku’n kåra vinnaren av Årets lokalmatgründer – og i år gjekk prisen til Ødhumbla.