Årets unge bonde

Fredag 13. september delte Felleskjøpet, McDonald’s og Noregs Bygdeungdomslag ut prisen for Årets unge bonde for 15. gong. Vi gratulerer Jørgen Andrisoon Kvam og Thea Sandsengen frå Vang i Valdres som Årets unge bonde.

13.09.2024
Collage av årets unge bonde finalister 2024

Det er andre gong sjølve kåringa skjer under Dyrsku’n, og seniorrådgjevar i Felleskjøpet Agri, Thor Haraldseth, seier at dei er særs nøgd med å ha kåringsarrangementet der.
– Vi syntest vi fekk til eit veldig bra kåringsarrangement i gode omgivnadar i fjor, og i år skal det bli enno betre, seier han.

Vil inspirere fleire til å bli bønder

Årets unge bonde er eit samarbeid mellom Noregs Bygdeungdomslag (NBU), McDonald’s og Felleskjøpet Agri. Med prisen ønskjer dei å bidra til å fremje norsk landbruk og inspirere fleire til å
satse på eit liv som bonde. Kven som helst kan nominere ein person eller eit par under 35 år som driv
matproduksjon. Haraldseth fortel at det i år kom inn 738 nominasjonar, og før sommaren gjorde NBU eit utval av ti semifinalistar dei meiner kan inspirere andre til å velje ei framtid i landbruket.
I sommar har publikum hatt høve til å stemme fram tre finalistar, og i september skal altså vinnaren kårast.
– Under kåringa på Dyrsku’n kjem juryen fram til kven som får årets pris, og vi er stolte av at det er landbruks- og matminister Geir Pollestad som deler han ut, seier Haraldseth.

Prisen heng høgt i landbruket, og arrangørane er samde om at Noregs største landbruksmesse er den rette plassen for ei slik kåring. Her når dei eit stort publikum med interesse for matproduksjon, så det er ein fin stad å vise fram norsk landbruk.
– Dyrsku’n er ein veldig god samarbeidspartnar for oss i dette arrangementet – både under kåringa og under banketten etterpå, seier Haraldseth.
Banketten han siktar til er til ære for finalistane, og gjestane inkluderer mellom anna landbruks- og matministeren, ordføraren i Seljord og representantar frå arrangørane, juryen og Dyrsku’n.

Kåring med musikk, fag og forteljingar

Men først er det altså tid for sjølve kåringsarrangementet. Det finn stad i TettPå stor-arenaen klokka 18, der konferansier Ragnhild Marie Gjørse Eriksen frå NBU losar publikum gjennom mellom anna eit musikalsk innslag av Odd Nordstoga og ein presentasjon frå arrangørane om kvifor dei vel å satse på unge bønder. Dei tre finalistane kjem sjølvsagt og får svare på nokre spørsmål, og det blir visa ein film om kvar av dei og korleis dei arbeider.

Før vinnaren blir avsløra, kjem nokre gjestar på scena. Før nyttår sette Dordi Boksasp Lerum seg føre å ete berre mat frå Noreg i eitt år. No er ho godt over halvvegs og skal fortelje litt om erfaringa si som «norsketarianar». Deretter kjem fjorårets vinnar, Kløfta-bonden Marthe Bogstad, for å seie litt om kva prisen har betydd for ho, før juryleiar Pollestad skal lese grunngjevinga til juryen og dele ut
prisen for Årets bonde 2024. Til slutt vert det konsert med Odd Nordstoga.

Vil inspirere landbrukselevar

For å skape blest rundt kåringa inviterer Felleskjøpet og deira samarbeidspartnarar – Gjensidige, Landkreditt, Nortura og Tine – om lag 500 elevar ved landbruksskulane på Austlandet til Seljord
denne fredagen.
– Om lag 300 plar kome kvart år. Dei vert bussa inn om morgonen og får litt mat i Felleskjøpet-teltet før dei kan oppleva Dyrsku’n på eige hand. Klokka 17 er det ei samling for elevane, før dei får sjå kåringa av Årets unge bonde, fortel han.

Fredag kl. 18 i TettPå Stor

Årets jury

  • Geir Pollestad, landbruks- og matminister (juryleiar)
  • Marthe Bogstad, Årets unge bonde-vinnar 2023
  • Anne Jødahl Skuterud, styreleiar i Felleskjøpet Agri
  • Henrik Nordtun Gjertsen, leiar Noregs Bygdeungsomslag
  • Hilde Stenhaug, nordisk leiar for berekraftig landbruk og mat i McDonald’s

Årets unge bonde

  • Sidan 2010 har Noregs Bygdeungdomslag, Felleskjøpet Agri og McDonald’s kvart år kåra Årets unge bonde
  • For å kunne bli Årets unge bonde må ein vere matprodusent, under 35 år og eit sunt førebilete som kan inspirere fleire til å finne vegen til norsk landbruk. Vinnaren kan vere ein enkeltperson eller eit par
  • Kåringa går føre seg i tre steg: fyrst ein nominasjonsprosess, så ein semifinale der publikum stemmer, og til sist ein finale der ein jury kårar vinnaren blant tre finalistar
  • Vinnarane får eit reisestipend på 30.000 kroner, eit gåvekort frå Felleskjøpet på 15.000 kroner og avløysar i inntil ei veke, levert av Norske Landbrukstenester
  • Årets unge bonde 2024 vert kåra under Dyrsku’n, i TettPå stor, fredag kl. 18.00. Programmet blir streama og kan fylgjast via våre plattformer.


Collage av årets unge bonde finalister 2024

Foto: Felleskjøpet