Dyrskuplassen i Seljord - oversiktsbilde

Leige av Dyrskuplassen

Ynskjer du å leige Dyrskuplassen for større eller mindre arrangement? Dyrskuplassen danner ramma for eit vellykka arrangement.

 

Dyrskuplassen

Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode campingareal, sanitærfasilitetar, grøntområde, smågater og gardstun.

Dyrskuplassen ligg i naturfagre Seljord, midt i hjartet av Sør-Noreg. Omkransa av flotte fjell, og ei rekke camping- og badeplassar, ligg det segnomsuste Seljordsvatnet. Her seiast det at det bur ein sjøorm, og du kan speide etter den i det ikoniske Sjøormtårnet på Bjørgeøyan. I Seljord ligg alt til rette for både mystikk, spektakulære fjellturar og gode opplevingar på Dyrskuplassen.

Seljord ligg sentralt i Sør-Noreg – midt mellom aust og vest, med E134 som gjennomfartsåre. Her ligg den gamle marknadsplassen som årleg samlar over 90 000 gjester til Dyrsku’n i september. Her finn du òg store musikkfestivalar, hestestemne, landssamlingar og fleire marknader. Totalt er det opp mot 200 000 besøkande på Dyrskuplassen i året.

Når plassen er fylt opp med yrande folkeliv, spennande aktivitetar og gode program, er det mange som får gode opplevingar og minne for livet og kjem tilbake år etter år.

Dyrskuplassen har mange arrangement i løpet av året, men vi har plass for fleire – ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat!

 

Dyrskuplassen inneheld

  • 150 mål inngjerda areal
  • 4 store hallar
  • 10 hus av ulik storleik og innhald
  • Gamalt gardstun
  • Hovudscene på Fjoset, omkransa av gamle båsrekker frå 1866
  • Utstillingsområde og båsar for husdyr
  • Kurs- og konferanselokalitetar
  • Ridebanar med tribuneanlegg
  • Storstogo servering – restaurant med kapasitet på 70 personar
  • Scenekafe – kafeteria med kapasitet på 120 personar
  • Hovudmatutsal – stort matutsal med sitteplassar ute, herav 100 sitteplassar under tak.
  • 5 kioskar/gatekjøkken
  • 2 permanente billettportar med fleire billettluker
  • Infrastruktur med:
    • godt utbygd vegnett – både asfalt og grus
    • store grøntområde med bord og benkar
    • sanitærkapasitet for store arrangement
    • store parkeringsområde på utsida av plassen
  • Arrangementstenester

Dyrsku’n Arrangement har gjennom mange år opparbeida seg ein profesjonell arrangementskompetanse, både på planlegging og gjennomføring av arrangement. Vi tilbyr arrangementskompetanse til våre leigetakarar dersom det er ynskjeleg. Vi har gode samarbeidspartnarar som tilbyr utleige av telt og arrangementsutstyr, og elles legge forholda til rette for å kunne gjennomføre gode arrangement.

 

Kontakt oss for spørsmål og ledig kapasitet!

Sentralbord: 35 06 57 70

E-post: post@dyrskun.no