Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Kjøp gruppebillett til Dyrsku'n

Kjøp billett til Dyrsku’n

Endeleg kan vi samlast igjen på folkefesten Dyrsku’n – kjøp billett her.

OPNINGSTID DYRSKU’N

Fredag 9. september kl. 09.00-20.00

Laurdag 10. september kl. 09.00-20.00

Sundag 11. september kl. 09.00-18.00

 

Finn ledig overnatting i og rundt Seljord under årets Dyrsku.

Dyrsku’n er den helga i Seljord der det er høgast press på overnattingsstader i kommunen. Men det er fortsatt nokre ledige stader å finne, i tillegg til at det er ledig kapasitet i nærliggande kommunar.

PRISAR Dyrsku’n 2022

Dagsbillett

Vaksen frå 16 år kr. 250,-

Barn 6-15 år kr. 80,-

Barn 0-5 år gratis – men hugs å legge gratisbillett for dei i handlevogna!

 

3-dagars billett

Vaksen frå 16 år kr. 585,-

Barn 6-15 år kr. 200,-

LEDSAGER

Har du behov for følge eller assistanse på aktivitetar, kan du ta med deg ein person til Dyrsku’n. Du kjøper ordinær billett, anten på nett eller i porten, og viser fram ledsager-beviset. Då kjem følget ditt gratis inn.

GRUPPEBILLETTAR

Kjem du med ei gruppe på over 20 betalande personar? Send oss ein e-post til post@dyrskun.no så får du ei lenkje til billettkjøp for grupper på Ticketmaster. Sjå elles våre gruppetilbod her.

SKULEKLASSER

På Dyrskuplassen vil det vere mange fagtema som kan leggast inn i undervisning og som prosjektarbeid for skuleklasser. Vi nemner husdyr, landbruk, anleggsmaskiner, lokalmat, husflid, handverk, kultur, reiseliv, folkeliv og handel.

Vi vil spesielt tilrå skulane å besøke:

  • Sterke Nils-tunet, der ein kan oppleve gardsdrift og handverk på gamalt vis.
  • Husdyrhallen med presentasjon av moderne og framtidsretta norsk landbruk.
  • Fjoset med utstilling av ku, geit og kjøttfe.
  • Husflidshallen med blant anna Noregs største premierte husflidstevling.
  • Matlyst Dyrsku’n – matkvartalet – utstillarar og demonstrasjonar av norske produkt av lokalmat.
  • Møt-Landbruket teltet – foredrags og debatt arena.

Vi kan også etter avtale ordne med orientering og omvising på enkelte arenaer, dersom det er eit ynskje.

Kontakt oss for spørsmål!

Sentralbord: 35 06 57 70

E-post: post@dyrskun.no

GUIDA TURAR

Dyrsku’n er ein spennande og fargerik marknad å besøke, med interesser for ein kvar smak
Vi ordnar gjerne ein guida tur på Dyrskuplassen med ei kort orientering om historia bak Dyrsku’n.

Guida turar vil bli lagt til sundagen.

Kontakt oss på post@dyrskun.no for å booke omvising.

SUPPORT

Har du spørsmål eller treng du hjelp med billettkjøp? Ring Kundeservice på Ticketmaster, telefon 22 82 81 97

 

VELKOMMEN TIL DYRSKU’N