Husflidsutstillinga Dyrsku’n
Husflid, handverk og design er ein av våre viktige bærebjelkar, og sidan 1962 har vi arrangert tevlingar med fokus på kvalitet og tradisjonelt handverk. Denne tradisjonen skal vi ta vare på, samtidig som målet er å stimulere til nyskaping og rekruttering.
Arbeida frå tevlinga vert synt fram på Husflidsutstillinga under marknadsdagane på Dyrsku’n. Utstillinga er spennande og dagsaktuell, og syner det enorme spekteret som finst innan husflid, handverk og design i Noreg. I tillegg til arbeid frå tevlinga inneheld utstillinga:
- Elev- og studentutstilling med flotte arbeid frå elevar ved Seljord Ungdomsskule og frå studentar ved USN, campus Notodden og Rauland.
- Gjesteutstillarane våre er spesielt inviterte handverkarar som er med på å syne fram handverka sine på ein god måte.
- Demonstrasjon av ulike handverksteknikkar.

«Når ingen lenger kan», med kløyving som tema i 2023. Treskjærerverkstedet AS.
Du kan laste ned årets brosjyre her:
Stem fram publikumsfavorittane på Dyrsku’n
Kven fortener publikumsprisen? Du kan vere med og stemme på favorittane dine i tre ulike kategoriar: geit, ku og husflid.
Gjenbruk, reparasjon og beredskap – kunnskap for framtida
«Frå tradisjon til moderne, grenselaust og berekraftig» er årets særutstilling i Hall B. Her løfter vi fram reparasjon, redesign, gjenbruk og upcycling – med utgangspunkt i kunnskap og tradisjonar som har vore viktige i generasjonar.
Tuva fekk stipend til vevkurs
Tuva Tovslid mottok Telemark fylkeskommunes Stipend for tradisjonskunst og tradisjonshandverk.
Bli med bak kulissane på Nasjonal tevling for husflid, handverk og design
Kvart år blir kring tjuge ekspertar handplukka som dommarar til Nasjonal tevling for husflid, handverk og design på Dyrsku’n. Kven er dei, korleis vert dømminga gjennomført og kva verdi har tevlinga for deltakarane? Vi tek ein kikk bak kulissane.
Prisar Nasjonal tevling husflid, handverk og design
Norges Husflidslag deler ut diplom og prisar for godt handverk under årets Dyrsku’n. Her er vinnarane av Diplom for godt handverk, Nyskapingsprisen og Stimuleringsprisen 2026.
Yrande liv og kupp på kniv og klokker
Kniv- og klokketorget har vore ein del av Dyrsku’n sidan slutten av 1800-talet. Slik blir det sjølvsagt også i år, og no tek arrangørane grep for å verna om sjølve kjerna av torget.
Finn husflid på Dyrsku'n
Vil du delta i tevlinga?
Tevlinga er open både for profesjonelle handverkarar og for dei som har handverk som hobby. For elevar, studentar, lærlingar og kursdeltakarar er det oppretta eigne klasser, og desse gruppene er spesielt velkomne til å delta.
Gode grunnar til å melde seg på tevlinga:
- Marknadsføring og synleggjering for eit stort og interessert publikum
- Moglegheit for å knytte viktige kontaktar
- Verdifull erfaring med å stille ut og ha kontakt med publikum
- Moglegheit til å bruke Dyrsku’n som sals-arena
- Ekstern, objektiv og fagleg tilbakemelding
- Heve kvaliteten på arbeidet ved hjelp av tilbakemeldingar
- Premie og diplom for 1. plass med moglegheit til å vinne spesielle prisar
- Verdifull post på CV’n
- Sette fokus på husflid, handverk og design
- Oppretthalde og utvikle tradisjon

Frå utstilling i hall B, Ung husflid.