Tala viser til nummerering på kartet
Sterke Nils-Tunet (16)
I det gamle gardstunet på Sterke Nils-tunet går du tilbake til tida, og på Dyrsku’n kan du møte dei vanlegaste av dei gamle husdyra våre her, samt sjå demonstrasjonar av forskjellige handverk. Dei ulike handverks-aktivitetane finn du oversikt over i programmet.
Hall A: Salshall for husflid, handverk & design (11)
I Hall A finn du handverkarar som sel produkt produsert i ulike material og teknikkar. Dei fleste utstillarane har produkta sine som næringsveg, og høg kvalitet er kriteriet for å få lov å delta som utstillar i hallen.
Hall B: Husflidsutstillinga (12)
I Hall B finn du Husflidsutstillinga – utstilling i husflid, handverk & design på Dyrsku’n som syner arbeid frå husflidstevlinga, ei dagsaktuell særutstilling, samt elev- og studentarbeid.
Saman med Norges Husflidslag og Vest-Telemark Museum arrangerer vi kvart år landets største tevling i husflid, handverk og design. Tevlinga starta i 1963, og heilt sidan da har fokuset vore på kvalitet og tradisjonelt handverk.
Gongestogo (10)
Under Dyrsku’n er det årleg ei historisk handverksutstilling i Gongestogo i regi av Vest-Telemark Museum.
Dalane skule (29)
Under Dyrsku’n syner Telemark Husflidslag i Dalane skule fram utstilling og demonstrasjonar av lokallaga sine ulike handverks- og husflidsaktivitetar.
Kniv- og klokketorget (På utsida av 12, hall A)
Torget er ein av dei mest tradisjonsrike arenaene på Dyrskuplassen. På kniv- og klokketorget kan du handle og sjå nettopp kniv og klokker. Her er det rotekte marknadsstemning!
Foredrag i TettPå (32)
I TettPå arenaen vert det halde foredrag og seminar om dagsaktuelle tema innan husflid, handverk og design. Sjå program for oversikt.
