Dyrsku'n i 1916

Dyrsku’n sidan 1866

Sidan 1866 har folkefesten, handels- og landbruksmessa og fesjået Dyrsku’n samla over 90 000 menneske årleg frå heile Sør-Noreg.

Historia til Dyrsku’n

Dyrskuplassen ligg i Seljord i Telemark og har kring 200 000 besøkande kvart år på det 165 dekar store området. Dei største arrangementa er Dyrsku’n i september, Vårmarknad i mai, Countryfestivalen og Seljordfestivalen i juli.

Opprettinga av Dyrsku’n var eit ledd i ein nasjonal strategi om å auke matforsyninga i Noreg til ei sterkt aukande befolkning.

Svensken Johan Lindeqvist var ein av tre statsagronomar som arbeidde i Noreg rundt 1850. Han hadde ein spesiell forkjærleik for den vesle kua som hadde fantastiske gode eigenskapar for å beite mellom bakker og berg i det brattlendte terrenget i Telemark. I tillegg ynskte han å få ei betre ordning med omsetnaden av livdyr med organisera fe-marknadar der seljarar og kjøparar kunne møtast, og prisar og kvalitet kunne samanliknast. Lindeqvist meinte at storfeutstillingane skulle vere med på å auke den faglege kunnskapen og interessa hos norske bønder, og betre det norske husdyrhaldet. Eit verkemiddel som det offentlege nytta for å fremje storfehaldet midt på 1800-talet, var fesjå.

Dyrskuer i Telemark

Det heile starta i Kviteseid i 1866, då Noregshistorias fyrste rasefesjå vart avhalde i den vesle bygda, berre eit par mil frå staden der messa arrangerast i dag. I åra framover vart det arrangera dyrskue kvart år i Telemark, der dei veksla mellom Kviteseid, Dalen, Seljord, Gvarv og Sauland. Her kunne berre kyr av Telemarksfe delta.

Det første dyrskuet i Seljord blei halde i 1858 og det andre i 1863. Lindeqvist kom etter det siste dyrskuet i Seljord med ein rapport der han påpeika at ingen stad hadde arrangementa nådd opp til nivået i Seljord. Der var det flest dyr, «…mængden av vakre kreaturer», mest folk og den beste plassen. Men hovudgrunnen var at Seljord låg i kjerneområdet for «de fornemste Kvægavlsdistrikter i Øvre og Nedre Telemarken».

Dyrskuen til Seljord

Utspelet vakte stor interesse og amtmann i Bratsberg Amt, Jørgen C. Aall sendte, på vegne av kommunestyret i Seljord, søknad til indredepartementet om at det skulle avhaldas faste dyrskuar i Seljord på Statens rekning.

Saka om oppretting av Dyrsku’n i Seljord gjekk gjennom departementet, gjennom Kongelig Resolusjon til endeleg godkjenning i Stortinget 28. november 1865. I februar 1866 løyvde Stortinget 300 Spd. til årleg drift av statsdyrskuet i Seljord, og 750 Spd. til bygging av fjøs.

Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon, og ga òg tømmer til bygging av Fjoset. Båsrekkene i Fjoset frå 1800-talet finn du fortsatt på Dyrskuplassen.

17. september 1866 vart så statens første årlege kvegutstilling i Seljord arrangert, og har hatt ei ubroten årleg rekke sidan den gong. Uår, krigsår og store hendingar, Kun eit alvorleg virus, Covid-19, stoppa heile verda og Dyrsku’n i 2020.

Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane.

Marknaden har besøk frå heile landet, og dei over 800 utstillarane omset varer for kring 500 mill kr. på desse tre dagane. Lokale og regionale lag og organisasjonar er avgjerande for å få gjennomført Dyrsku’n med matsal, reinhald og øvrig vakthald. Totalt går kring 10 mill kr. tilbake til dei, til m.a. drifting og utvikling av idrettslag og -arenaer. Store samvirkeorganisasjonar og nasjonale aktørar held årleg av helga Dyrsku’n går av stabelen, og ser på Dyrskuplassen som ein viktig, nasjonal arena for kunnskapsformidling, innovasjon og som ein møteplass med forbrukarane.

Over 150 år med Dyrsku’n – i korte trekk

1866: «Statens første Qvægudstilling” i Seljord

1867: Dyrsku-fjoset med 200 båsplassar teke i bruk

1871: Den fyrste hesteutstillinga på Dyrsku’n

1897: Dyrsku-fjoset utvida til vel 300 båsplassar

1916: 50-årsjubileum. Kongens fortjenestemedalje i sølv til telebøndene Hans Kleppen og Sveinung Groven for arbeidet «for telemarksfæets fremgang»

1947: Det blir opna for andre storfe-rasar enn Telemarksfe

1956: 100-årsfeiring av det fyrste rasedyrskuet i Noreg, Kviteseid 1856, og 90-årsjubileum for Dyrsku’n i Seljord. Kronprins Olav er æresgjest

1962: Bygdekunst/husflidutstilling for fyrste gong på Dyrsku’n. I dag er utstillinga landets største husflidsutstilling

1965: Seljord kommune inn i Dyrsku’n

1966: 100 års-jubileumsutstilling. Ny husflidshall, utstillingshall og nytt sanitæranlegg

1968: Dyrsku’n blir utvida frå to til tre dagar og flytt til ei helg i staden for vekedagar

1969: Namneendring til Seljordutstillinga Dyrsku’n. Den fyrste Seljordprisen blir delt ut

1970: For fyrste gong over 20 000 gjester på Dyrsku’n: 20 193

1977: Seljord Idrettslag tek over matsalet på Dyrsku’n

1981: Fyrste gong over 50 000 gjester på Dyrsku’n: 51 035 selde billettar

1987: Nybygg med friluftsscene

1990: 62 742 gjester på Dyrsku’n

1991: 125-årsjubileum. 18 dekar nytt utstillingsområde. Opprusting av kjøkken og kafeteria

1993: Ny publikumsrekord: 64 182

1995: Dyrsku-arrangementet omorganisert, Dyrsku’n får dagleg leiar. Dyrskuplassen utvida til 120 mål (innanfor gjerdet)

1996: Driftsselskapet Dyrsku’n Arrangement AS overtek drifta av Dyrsku’n. Ny Husdyrhall og ny Ride-/salshall. 66 417 gjester på Dyrsku’n

1997: Husmannsstoga frå Gonge på Seljordshei blir restaurert og teken i bruk under Dyrsku’n

1998: Nytt, moderne toalettanlegg

1999: Sterke Nils-tunet og den nybygde «Stogo» blir opna. Ny publikumsrekord: 69 887 gjester

2000: Rosemålarane tevlar om publikumspris. Besøkstal: 67 158 gjester

2002: Ny publikumsrekord under Dyrsku’n, heile 75 072 betalande gjester

2003: Skoghuset på Skogtunet under oppføring, med ein gamal byggeskikk i grindverkteknikk som vart nytta i jarnalderen

2004: Den nye smia, Berglandssmia, og Ystebui på Sterke Nils-tunet vart teken i bruk

2006: Dyrsku’n fyller 140 år! Ekstra satsing på dei fleste område. Cowparade vert avslutta med ein auksjon under Dyrsku’n der pengane går til bønder i Malawi

2007: Storstogo vart bygd og teken i bruk, bygget husar administrasjonen til Dyrsku’n Arrangement, samt utleigekontor og eit stort produksjonskjøkken og møtelokaler

2008: Dyrsku’n mat- og kompetansesenter er i drift. Storstogo servering og produksjonskjøkken opnar

2010: Nytt matkvartal. Dyrsku’n blir inkubator for mat- og naturbasert næring. Stuten Kafe på Husdyrhallen renoverast

2011: Dyrskuplassen blir utvida med 25 daa. (I-feltet)

2012: Husflidsutstillinga er 50 år på Dyrsku’n

2014: Publikumsrekord med 88 000 gjester innafor portane på Dyrskuplassen

2015: Storstoga vert oppgradera og blir eit fint lokale for møter, selskap, konfirmasjonar med meir

2016: Dyrsku’n fyller 150 år og sett publikumsrekord med 94 248 gjester. Kronprinsparet besøker Dyrsku’n, og HKH Kronprins Haakon Magnus held opningstala

2017: Publikumsrekord Dyrsku-laurdagen med 38 316 gjester inne på Dyrskuplassen

2018: Enda ein ny publikumsrekord: Laurdag med 41.400 gjester! Statsminister Erna Solberg opner den 153. Dyrsku’n

2019: Rekordstor deltaking med 806 utstillarar!

2020: Dyrsku’n avlyst for fyrste gong sidan starten i 1866 grunna Covid-19

2021: Dyrsku’n avlyst for andre gong sidan starten i 1866 grunna Covid-19

2022: Dyrsku’n endeleg tilbake etter to år med pandemi-avlysing