Tidleg om morgonen kjem kremmarar og handverkarar berande med stolar, bord og handlaga skattar i bagasjen. På innerlomma har dei ofte både ei god historie og eit lunt smil. På Kniv- og klokketorget kan ein gjere både gode kupp og høyre artige historiar, og difor kjem både utstillarar og publikum attende år etter år.
Det nye tilbygget gjer at torget blir flytta til framfor Hall B. Området vert like stort som før, men vil bli inngjerda for å gjere det meir strukturert. Nye krav og reglar for dei som driv messer gjer også at Dyrsku’n i år tek nokre grep for å trygge både reglar og innhald. No vil torget hovudsakleg vere for seljarar av knivar og klokker. Seljarar får tilgang til torget frå fredag morgon kl. 09.00, og det er fyrste til mølla som gjeld.
– Vi håpar det skal myldre med liv på kniv- og klokketorget i mange år framover, og ynskjer både nye og gamle kremmarar hjarteleg velkomne til Dyrskuplassen og Seljord i september, seier administrerande direktør Geir Helge Espedalen.