Ny klasseinndeling til knivskjemaet til Husflidstevlinga i 2024

I samband med Husdyrstevlinga er det blitt laga ei ny klasseinndeling innan kategorien kniv. Knivmakar Jørgen Kaldal har vore med å utforme og sortere desse klassane med tydelege skilnader i eigenskapar. Vi håpar at dette vil hjelpe til i innleveringa til Husflidstevlinga, slik at knivane dykk lagar blir dømde meir rettferdig enn å fortsette med ein så open klasse som BRUKSKNIV-klassa har blive.

21.02.2024
Husflidstevlinga på Dyrsku'n er Noregs største tevling i husflid, handverk og design

STASKNIV

Ein tradisjonell kniv og slire som i utføring og utsmykking, berekna til bruk til bunad eller anna festantrekk.

BRUKSKNIV

Ein tradisjonell eller moderne kniv og slire med stort og allsidig bruksområde.
Ein kniv som kan brukast til normalt turliv og generelt arbeid.
Treslag som skaftmaterial er valfritt.
Skaftmateriale er valfritt, men skal ikkje vere av stein, mammut, kvaltann eller andre eksotiske materialar.
Skaftet skal ikkje ha holk med dekor eller anna form for dekor.
Skaftet kan ha tynne lamellar og andre materialar som delar skaftet.
Slira skal vere utan metallbeslag.
Bladet kan vere laminert eller heilstål utan gravering og dekor.
Bladet kan ikkje vere damask eller mønster smidd.

PÅKOSTA BRUKSKNIV

Ein kniv med eigenskapar som en brukskniv, men kniv og slire som er betydeleg påkosta.
Knivmakar kan fritt velje materialar til kniv og slire.
Skaftmaterialar er valfritt, der ein kan også velje mammut, kvaltann og andre eksotiske materialar. Fritt val av dekor på skaft.
Bladet kan være damask, heilstål eller laminert. Fritt val av gravyr og dekor.
Fritt val av gravyr og dekor på slire.

OPEN KLASSE

Knivar som ikkje passer inn i STASKNIV, BRUKSKNIV OG PÅKOSTA BRUKSKNIV EKS. Foldeknivar, spesielle flå og jaktknivar, kjøkken- og filetknivar og andre knivar som ikkje passer inn i nokon spesiell klasse.

Vi gleder oss til årets Dyrsku – det er alltid ein fryd å sjå alle knivane som kjem inn til Husflidstevling!

Ved spørsmål, ta kontakt med: Dyrsku’n Arrangement AS Vilde Vosgraff | mobil 472 38 213 | vv@vtm.no Vest-Telemark Museum | Prosjektleiar Husflidsutstilling