Mangfald av bryggeri i Ølbaren på Dyrsku’n

Det blir eit spennande mangfald av bryggeri og øltyper i ølbaren på årets Dyrsku, her kan de stifte nærare kjennskap til følgjande bryggeri:

01.09.2023

Røros Bryggeri – Bryggar Rakrygga» – etter lange tradisjonar tilbake i tid og etter eit opphald har Røros tatt opp igjen øltradisjonane og kombinera dei med ny metodikk og kunnskap.  Dagens driverar har reist Europa rundt og lært ølbrygging av dei beste. Oppskriftene er nye, men basera på fleire hundre år gamle ølstradisjonar og bruk av lokale rårvarer frå Rørostraktene. 

Balder Brygg frå Leikanger i Songdal har sidan 2012 produsera øl som er tufta på lokal entusiasme og vidareutvikling av meir enn tusen år gammal vestnorsk heimebryggeritradisjon. Dei produserar primært lagerøl (undergjæring) noko som er unikt for eit mikrobryggeri. Sognefjordens frukt og bær er viktige ingrediensar i produkta i kombinasjon med krydder og konserveringsurter. 

Ekeby Gårdsbryggeri i Moss blei etablert etter funn av store mengder humle langs bekken. Ekeby var ein del av Værne Kloster, der ridderordenen brygga øl i middelalderen. Nå dyrkar dei sitt eige korn, og som klosteret før dei, prøver dei å lage så godt øl som mogleg, derfor har prosten velsignet dei.

Etter tresking går kornet til rensing på Moskvil Kornrenseri og vidare til Malteriet på Kongsberg. Dei er  tildelt Spesiaitetsmerke Unik Smak. I VG’s sommarøltesten  2023, fekk dei terningkast seks.

Bygland Bryggeri – er ei lita verksemd med base på Austad i Bygland kommune, Setesdal. Dei er ein av få ølprodusentar i verda som spesialiserer seg på det norske tradisjonsølet og norske ingrediensar som einer og kveik (norsk gardsgjær). For å symbolisere dette, er logoen til Bygland Bryggeri er ein tradisjonell ølbolle. Ikkje minst, har alle ølsortane namn på setesdalsmål og utstyrt med historiar som forklarar både namnet og ølet.