Heidersprisen går til smed Øivind Klausen

Øivind Klausen har gjort ein stor innsats som smed, for smedhandverket og for utviklinga av Dyrsku’n. Det er ein svært verdig vinnar av årets heiderspris.

11.09.2022

For mange er årets vinnar eit bilete av Dyrsku’n. Den røslege personen, med det gode smilet og latteren. Dei grove hendene, nevar som teiknar, forklarar og viser. Logn og roleg, alltid tid til ein prat.

Ein fortent pris

Det er ein særs fortent heiderspris som vert delt ut i dag. Mannen har sett sitt preg på denne møtestaden no i 35 år. Frå han konverterte frå bygningsbransjen til smedyrket i 1988 har han vore her og bidrege med kunnskapsdeling, det gode samarbeidet, den gode praten, handelen og dei gode møta. Han har stått med felteisa ute i friluft, banka og forklart. Du har møtt han i Berglandsmia, gjerne i tospann med Håvard Bergland eller trespann om Birger Bastiansen også var med. Han har smidd brurepar i Hymens lenker for tusenvis av tilskodarar. Du har sett han som Sterke-Nils sjølv, og jamvel bli ihelsslegen som denne! Han har også representert Dyrsku’n i ulike samanhangar, både på messer i Danmark og Sverige -og for kronprinsparet.

Dagleg leiar i Dyrsku´n Geir Helge Espedalen tildeler Heidersprisen til smed Øivind Klausen

Han har vore ein pådrivar for og organisator av Sterke-Nilstunet, tunet der unge kan få oppleve eit handverk for fyrste gong – eller vaksne kan mimre om korleis dei såg far eller bestemor i sving med sine handverk. Der mange kan få tips og råd om yrkesløyndomane. Eller berre sjå korleis hender, reiskap og emne arbeider saman. Dette tunet er ein svært viktig del av Dyrsku-kulturen. Han har også i ei årrekke vore del av Husflidsnemnda, og bidrege som fagmann og domar i smiing under husflidstevlinga.

Men Dyrsku’n har også betydd mykje for denne personen. Her har han bygd nettverk, fått vist fram og synleggjort arbeida sine. Møtt samarbeidspartar, kollegaer og kundar.

Du kan nå kysse bruda

Ei kunnskapskjelde og inspirator for unge og nye handverkarar

Han brenn for smiing. Han er av dei nye handverkarane som deler, ynskjer å hjelpe andre. Slik har Dyrsku’n vore ein viktig møteplass og arena. Han har vore oppteken av å lyfte fram handverkstradisjonane, utvikle dei vidare og skape grunnlag for rekruttering.

Men han har fyrst og fremst vore utøvande smed. Han har levert mengder av lafteverktøy til Riksantikvaren sine restaureringsprosjekt, til laftekurs og til Øyo. Han har gjort kopieringsarbeid av gamle verktøy. Smia rekkverk, kyrkjespir og ljosglobar. Reiskapar, pynte- og nyttegjenstandar. Han har vist at det går an å leve som bygdesmed.

Det heile starta med knivblad. Sjølv fortel han at det var på framhaldsskulen glørne vart tende i han. Der var det smie og ein lærar som la til rette. Vinnaren er tredjegenerasjon smed, og dottera har allereie hatt svennebrev som smed i flere år.

Prisen vart tildelt av dagleg leiar i Dyrsku´n Geir Helge Espedalen