Vil du gifte deg på Dyrsku’n?

Skal du gifte deg i 2024? Kva med å gifte dykk på Dyrsku’n 14. september?

06.01.2023
Bryllaup på Dyrsku'n

Vil dykk vere årets brurepar på Dyrsku’n?

Eit bryllaup er i seg sjølv ein svært spesiell og minneverdig dag. Eit bryllaup på Dyrsku’n er ei unik oppleving som få andre får oppleve.

Vi kan tilby hesteskyss og spelemannslag, ein kyrkjeleg eller borgarleg vigsel og smiing i Hymens lenker med påfølgande privat bordsete etter seremoniane. Vi koordinerer det heile, så de slepp å stresse for mykje på bryllaupsdagen og heller kan fokusere på å nyte augneblikket og kvarandre.

Å bli smidd i Hymens lenker er ein gammal tradisjon som fortsett blir praktisert i Gretna Green, Skottland. Hymen er guden for bryllaup og ekteskap i gresk mytologi og romersk religion, og seremonien er ei stadfesting på det løftet brureparet har gitt kvarandre i vigselen.

Vil du ha ei annleis feiring av bryllaupet ditt? Send oss ein søknad på post@dyrskun.no innan 1. mars 2024 og fortel kvifor de har lyst å gifte dykk på Dyrsku’n.

Har du spørsmål? Ring oss gjerne på telefon 35 06 57 70!