Lærde å temje kjøttfe

Det er utruleg mykje kunnskap ein kan tileigne seg på Dyrsku’n, og i løpet av helga var det mogleg å lære seg korleis ein temmer kjøttfe.

15.09.2019
Frå auksjonen av kjøttfe på Dyrsku'n

Elisabeth Haugarne har lært seg ein del triks som ho viste fram til dei mange frammøtte, blant anna korleis ein skal få dyret til å forstå at det går best om det ikkje dreg i tauet.

Ho viser korleis ho dreg forsiktig i tauet og så slakkar av litt igjen. Slakken er ei belønning som dyra lærer fort. På 10 minutt kan eit dyr ha lært at det er best å fylgje eigaren.

-Nokre lærer veldig fort, men andre lærer aldri. Dei dyra bør ein ikkje satse på, seier Elisabeth. Teknikken kan brukast på mange dyr, blant anna blir den mykje bruka på hestar.

Å ha eit dyr som er lett å få kontroll på tyder tryggleik for bonden, for dyretransportørane, for veterinæren og for alle andre som er rundt dyret.