Surmjølksostar – dei norske urostane

I år blir dei utrydningstruga surmjølksostane løfta fram under årets Dyrsku, for å inspirere til bruk og produksjon av ostane i framtida.

07.05.2024
Multekake med ystil/skjørost – komponera av Bondelagskokk 2022-2023 Mette Julius Evensen, drivar av LeBistro i Trondheim.

Bilde: Multekake med ystil/skjørost – komponera av Bondelagskokk 2022-2023 Mette Julius Evensen, drivar av LeBistro i Trondheim.

Surmjølksostar

Surmjølksostar er dei norske urostane – gamalost, pultost, trøgost, ystil/skjørost, knåost og fjellost.

Surmjølksostar blir ofte laga av skumma mjølk, då blir fløyten/rjomen til smør og skumma mjølka til surmjølksost, slik får ein nytta heile mjølka og såleis ein berekraftig produksjon. Surmjølksostar er smaksrike, proteinrike og feittfattige.

Nokre av aktivitetane på Dyrsku’n:

  • Demonstrasjon av ysting og smaksprøver
  • Utstilling og smaksprøver av ulike typar surmjølksostar frå heile landet
  • Foredrag med smaksprøver på rettar med surmjølksostar
  • Film om gamalosten og Bitten Brennhovd
  • Utvikling av smårettar med surmjølksostar
  • Servering, sal og formidling om rettane under arrangementet

Norsk tradisjonsost på Dyrsku’n

Me har eit blomstrande ostemangfald i landet, men dei norsk matskattane tradisjonsostane har sakka akterut, kunnskap og tradisjonar er i ferd me å døy ut. Potensialet for vekst er til stade. Ostane er proteinrike noko som marknaden etterspør i dag, samtidig er dei smaksrike og kan bidra til rikare smaksopplevingar.

Prosjektet er eit samarbeidet mellom Norsk Gardsost, Bondelaget, budeienetterverket Budeieveven, samt Food Lesson på Oslo Met.