Produsentane har utvikla spennande sidersmakar frå Telemark, som har fått både nasjonale og internasjonale høgt hengande prisar for sine sider. Dei prislønna produsentane Lien Gård og NeRø Frukt og sider er på plass med eigen siderbar og med sidersmaking i kombinasjon med lokalmat. Her får du møte dei dyktige produsentane, som fortel om produksjonen og produkta og livet som frukt- og siderprodusentar.
Bli med på sidersmaking med lokalmat med nokon av Telemark sine dyktige frukt og epleprodusentar!
Lien Gård, Midt Telemark
På den familiedrivne garden i Telemark høstar dei eple og bær av ypparste kvalitet frå eigen hage. Med stoltheit pressar dei frukta på garden til rein eplemost, som gjerer til smaksrike eplesider gjennom vinteren. Kvar flaske er et resultat av lidenskap, kjærleik og handverk.
NeRø Frukt og sider
”NeRø» er ein frukt og sidergard på Hjuksebø, 10 minuttar frå Notodden, i Telemark. Garden ligger idyllisk til i solhellinga mot Heddalsvatnet der du kan skimte Gaustatoppen mot nord. Garden drivast av Trine og Ole Christoffer og paret dyrkar morellar og økologiske eple. Siderproduksjon føre gjeng på garden og produkta kan kjøpast på garden eller på Vinmonopolet, alle økologiske. På garden arrangerast også sidersmaking med omvising for dei som ønskjer å smake produkta der dei kjem frå.
Påmelding til sidersmaking
Tid: Fredag kl. 16:00 – 17.00 (NeRø Frukt og sider), og kl. 18.00 – 19.00 (Lien Gård).
Laurdag kl. 16:00 – 17.00 (Lien Gård), og kl. 18.00 – 19.00 (NeRø Frukt og sider).
Sundag kl. 15.00 – 16.00 (Lien Gård/NeRø Frukt og sider).
Stad: TettPå Liten
Pris: kr 495,-
Maks deltakarar: 25 stk