Sensorteknologi skal sjekke dyrevelferden

I framtida skal kamera i kvar binge kontrollere at grisen har det bra. Det fortalde professor Inger Lise Andersen i Møt landbruket-teltet da dyrevelferd blei diskutert.

14.09.2019

«Kva er god dyrevelferd og kan vi seie at vi har verdas beste dyrevelferd i Norge?» var temaet for debatten laurdag.

 

Mange hadde møtt fram for å få eit innblikk i kva som skjer rundt dyrevelferd. I panelet var både Matprat, NMBU, Mattilsynet, Animalia og Bondelaget representert.

Ny teknologi kan også nyttast til å ha kontroll på dyrevelferden, fortalde professor i etologi (adferdsbiologi) Inger Lise Andersen ved NMBU på Ås.
Ho drog fram smakebitar frå prosjektet «Digipig» som skal kombinere kamera- og sensorteknologi med kunnskap om dyrevelferd for å registrere og dokumentere trivselen til dyra i fjoset. I kvar binge er det kamera som sjekkar velferden i kvar binge. Bilda blir analysert for å sjå blant anna om dyra er stressa og dermed kan bonden få melding om ikkje alt er som det skal.

Dette er eit godt hjelpemiddel, for det er ikkje praktisk mogleg å vere i alle bingar heile tida, sa professoren.
Også blant oppdrettsfisk er same teknologien på gang. Der kan kameraet sjekke om fisk som svømmer forbi har det bra.