Møteplass til alle tider

Dyrskuplassen har tiltrekt seg folk i tusenar av år. Det syner arkeologiske utgravingar som er gjort på plassen. Til våren er det planlagt nye utgravingar.

12.09.2021
Dyrskuplassen i Seljord - oversiktsbilde

Tekst: Henry Mæland

 

Utgravingane viser at det i ein lang historisk periode har vore busetjing på og omkring Dyrskuplassen, som har vore produksjonsplass, seremoni- og gravplass, handelsplass og møteplass. Det må til tider ha myldra med folk, om enn ikkje slik vi kjenner det frå vår tids Dyrsku-dagar.

Naturleg samlingsplass

Ein kan spørje seg kvifor Dyrskuplassen blei ein slik samlingsplass. Noko av svaret ligg truleg i geografien. Fleire dalføre samlast på sletta ovanfor Seljordsvatnet, frå Brunkeberg i vest, Kivledalen i nord, Flatdal og Grunningsdalen i nordaust og Bø og Seljordshei frå sør. Store vatn som Sundsbarm og Seljordsvatnet gjorde det lettare å kome fram. Der ferdselsvegar frå mange kantar møtest, blir det ein naturleg samlingsplass.

Johan B. Lindequist såg det også slik då han ville ha den statlege fesjåplassen lagt her for over 150 år sidan.

Busetjing i tusenar av år

Utgravingane dokumenterar at her har vore busetjing i området i bronsealder (1800–500 f.Kr), før-romersk jernalder (500–0 f.Kr), romartid (0–400 e.Kr), folkevandringstida (400–600 e.Kr), merovingartid (550–800 e.Kr) og vikingtid (800–1070 e.Kr). Frå andre kjelder veit vi at i mellomalderen låg det ein gard Skjellag rett nord-vest for Dyrskufjoset og Gvarva (nær Bygdaråi, nedanfor Nystogo Nordgarden). Desse gardane blei på 1600-talet lagt inn under Nordgarden, kanskje på grunn av pesten som herja i 1626–27. Under utgravingane i 2013 blei det påvist at det har stått eit langhus som målte heile 46 meter i lengde frå romartid/folkevandringstid. Det vitnar om storheit, makt og rikdom.

Gravhaugar og funn

På Dyrskuplassen og næraste område rundt skal det tidlegare ha stått 150 gravhaugar. Då folketalet auka mot slutten av 1700- og utover 1800-talet, blei gardane utvida og nye område dyrka opp. Frå før var nok ein del gravgods røva, men dyrkinga medførte at dei fleste av gravhaugane blei sletta ut og dyrka opp. I den samanheng blei det funne mykje oldsaker som dels blei levert inn til oldsaksamlingar, men mykje blei liggande eller kom på handel og på ulike måtar kom bort.

Cirka 1880 gjennomførte Th. Winther litt meir systematisk registrering av dei gravhaugane som var att. Og i 1893 grov Nicolaysen ut 25 av gravhaugane. Men han hadde hastverk. Det blir sagt at han og gravarane hans berre brukte tre veker på jobben. Alt blei ikkje gjort like nøyaktig med registrering og dokumentasjon som i dag. Det blir fortalt at då nokon bygdefolk ville sjå litt nærare etter i ein gravhaug Nicolaysen hadde grave ut, fann dei ikkje anna enn ein utsliten kjeledress Nicolaysen hadde lagt att.

Men Nicolaysen fann mykje oldsaker i haugane. Og til liks med anna som var sendt inn medførte det at oldsakssamlinga fekk registrert nærare 100 funn frå Nordgarden gnr 41, der det meste av Dyrskuplassen ligg. Det blei funne så mangt i haugane, sjå lenger ned for eit lite utval.

Av meir kjente gravfunn på Dyrskuplassen kan nemnast mellom anna funn av eit importert glassbeger, eit lagga kar med bronsebeslag og fleire leirurner frå eldre jernalder (C19269-C19280). Funnet blei gjort « i Sommeren 1898 i en stor Haug paa Nordgaarden (Gnr. 41) i Seljord Sogn og Pgd., Bratsberg Amt. Sagerne laa noget under Jordfladen, dækket med et Lag af Sten». (ref. C19269, Gjenstandsbasen). Det er liten dokumentasjon om kor dei ulike gravhaugane låg, men utgravingsleiar Jessica Leigh McGraw (2015) meiner dette refererte funnet truleg låg i nærleiken av den store gravhaugen bak Fjoset på Dyrskuplassen.

Bronsespenne funne i 1893. Foto: Kulturhistorisk Museum

Bronsespenne funne i 1893. Foto: Kulturhistorisk Museum

Beger av farga glas frå gravfunn i 1898. Foto: Kulturhistorisk Museum

Beger av farga glas frå gravfunn i 1898. Foto: Kulturhistorisk Museum

Betalingsring i gull funne i åker. Foto: Kulturhistorisk Museum

Betalingsring i gull funne i åker. Foto: Kulturhistorisk Museum

Utgraving i nyare tid

I nyare tid er det Kulturhistorisk Museum (KHM) som har leia utgravingane. I hovudsak er det staten ved Riksantikvaren og fylket ved Kulturminneavdelinga som har finansiert arbeidet. KHM skriv i 2015 at «Område må regnes som et av de mest sentrale kulturhistoriske områdene i Telemark og de omsøkte kulturminnene på Dyrskuplassen er en del av et kulturmiljø som har betydning i en lokal og regional sammenheng».

I dei nyare utgravingane i samband med bygging av Storstogo (2006) og utviding av plassen (I-feltet 2013) er det funne spanande busetjings-spor. På området ved Storstogo blei det i 2006 funne åtte kokegroper, sju stolpehol og sju nedgravingar. Utgravingsrapporten syner at kokegropfeltet har vore i bruk i fleire hundre år frå før-romersk jernalder til vikingtid, altså ein lang tidsbolk. Kva funksjon kokegropene hadde, har vore drøfta mellom arkeologane. Mange meiner at maten som vart laga der ikkje var vanlege kvardagsmåltid, men måltid knytt til spesielle festar eller kultiske og seremonielle handlingar. Det er interessant at ein del av dei avdekka kokegropene var i bruk samstundes med at gravfelta var i bruk.

Kokegropene fungerte ved at trevirke og stein blir lagt ned i ei grop. Og då bål og steinane blei raudglødande, blei kjøt og anna mat lagt på og mellom dei raudglødande steinane. Truleg vart maten pakka i bladverk eller liknande. Gropa blei deretter dekka til med torv.

Denne kokegropa vart funne ved Storstogo. Foto: Kulturhistorisk Museum

Denne kokegropa vart funne ved Storstogo. Foto: Kulturhistorisk Museum

Utgravingane i 2013 blei gjort på felt I sør på Dyrskuplassen. I alt 6,5 daa blei avdekka og det blei påvist 280 strukturar som arkeologane tolka som spor etter førhistorisk aktivitet. I utgravingsrapporten frå KHM er det av funn nemnt mellom anna 89 stolpehol, 113 kokegroper, seks eldstadar og ei smie med esse. Stolpehola er spor etter minst eitt treskipa langhus med lengde på 43-46 meter frå dei ytre gavlane og ei bredde på 7,8 m. Like nord for dette huset blei det avdekka ytterlegare ein og kanskje to grindekonstruksjonar.

Treskipa langhus er i Europas arkitekturhistorie forklara med at husa har to parallelle rader av jordgravde stolpar. Dermed blir det innvendige rommet delt i eit midtfelt, midtskip, og to sidefelt, sideskip. Dette gjev tre skip, derav namnet treskipa langhus. Dei to radene med stavar er eit slags indre takberande stativ og kan sjåast på som starten på ein lang tradisjon i vår bygningskultur.

Frå stolpehola som er registrert, kan arkeologane finne ut korleis langhuset blei bygd, slik illustrasjonen frå eit bronsealderhus viser. Huset på Dyrskuplassen kan ha vore som dette. Huset låg på ein eldre grusterrasse som stammar frå flaumavsetningar når Bygdaråi har fløymd over. Desse flaumavsetningane gjer at fleire kulturlag og spor etter aktivitetar kan ligge i fleire etasjar med flaumavsetningar mellom. Hovudaktiviteten i huset er datert til yngre romertid/folkevandringstid, men det er også påvist aktivitetsfasar i yngre bronsealder og før-romersk jernalder.

Stolpehola er spor etter minst eitt treskipa langhus. Huset på Dyrskuplassen kan ha vore som dette frå bronsealderen. Illustrasjon: Arkikon

Stolpehola er spor etter minst eitt treskipa langhus. Huset på Dyrskuplassen kan ha vore som dette frå bronsealderen. Illustrasjon: Arkikon

Produksjon

Sentralt i langhuset låg truleg det som kan kallast for produksjonsområde. Det er funne tydelege spor etter produksjonsaktivitet med omnar, rensingsesse og esse med smiegrop. Produksjonsområde dekte eit område på knapt 50 kvadratmeter. Det ser ut som ambolten delvis har hatt nedgrave fundament og mellom omnane meiner arkeologane at dei kan påvise det som ser ut som luftekanalar. Det er påvist mykje slagg og slaggrestar både inne og utanfor langhuset. Det er også interessant at det blei funne gjenstandar av koparlegering. Kanskje dette også er laga i smia? Oppsummeringa frå arkeologane er: «Analyseresultatene viser da i hovedsak at det har foregått to prosesser i smia; grovsmiing for å videreforedle luppejern og utforming av gjenstander av ferdig renset jern. Samtidig viser slaggmaterialet at luppejern fra forskjellige utvinningsplasser har blitt fraktet til gårdstunet ved Dyrskuplassen og bearbeidet. Det kan også tyde på at gårdstunet har hatt tilgang til flere utmarksområder eller kontakt med ulike jernutvinningsplasser».

Det er også funne spor som vitnar om anna produksjonsaktivitet, mellom anna spinnehjul, ubearbeida rav og forkulla korn. Sistnemnte er for det meste bygg, men også spor etter havre, rug og kveite blei funne. Bygg med agner eller skall må preparerast før bruk til føde. Dekka bygg har inneragner som er samanvakse med kornet. Slike skallkorn må derfor avskallast før bruk og kornet må vere heilt tørt for å kunne gjere dette. Det er difor nødvendig å riste kornet i ein omn eller ved ein eldstad i forkant. Mykje prøver med brent korn kan tyde på at anlegget også har vore nytta til å riste korn.

I tilknyting til Dyrskuplassen har det, i alle tilfelle i tilknyting til garden og langhuset på felt I, med stor sannsynlegheit vore produksjon av gjenstandar og matvarer, både til bruk på garden og moglegvis eksport i nokon grad. På tufta til langhuset er det også funne importerte varer som farga glasperler og rav. Der folk samlast og møtest oppstår det fort handel og vare-byte. Funna indikerer at plassen har lange tradisjonar som handelsplass.

Interessante namn

Det er også interessant å merke seg namna på dei tidlegare gardane vi kjenner frå Dyrskuplassen; Gvarva (<Hvarf-vin) som låg litt vest i nærleiken av Bygdaråi og Skjellag som låg rett nord-vest for Dyrskufjoset. Begge forsvann eller blei ein del av Nordgarden for fleire hundre år sidan. For Gvarva viser Odd Vidar Rue (2002) til at den gamalnorske skrivemåten Hwarffwæ (1492) kan ha samanheng med verbet <hvarfn som kan tyde å forsvinne eller renne bort. Kanskje garden blei teken av flaum – utgravingane syner flaumavsetningar heilt opp til Storstogo med tydelege kulturlag under og mellom. Skjellag er i 1493 skrive som Skellælag. Skil tyder skilnad eller rett, plikt eller dom. Lag kjem truleg av det gamalnorske log og kan tyde lagnad eller lov. Grunnorda i samansetninga kan vere skil-lag og tydinga av namnet er då truleg der tingstaden eller garden tinget opphaveleg hadde sete. Dersom grunnorda er skjaldar-lag må tydinga (iflg. Rue) bli tingstaden eller garden der skjoldtinget opphaveleg hadde sete, men der både ting og kultplass var samla på same stad.

Nye utgravingar

Våren 2022 blir det nye utgravingar på Dyrskuplassen og tilstøytande område i samband med den nye reguleringsplanen. Utgravingane vil skje i regi av Kulturhistorisk museum. Det er Vestfold og Telemark fylkeskommune som finansierar utgravinga som blir gjennomført under leiing av Kulturhistorisk Museum i Oslo. Seljord Kommune har løyvd midlar for at oldsakfunna i området kan publiserast i bokform. Og Dyrsku’n Arrangement planlegg ei eiga utstilling i samband med Dyrsku’n 2022. Georadarundersøking i 2020 avdekka at det framleis ligg gravhaugar og arkeologiske strukturar som kan innehalde ukjente skattar for dei som er historieinteressert.

 Utgravingar på Dyrskuplassen

  • Allereie i Beskrivelse over Sillejords (Wille, 1876) blir «Kiempe-Høye» (store gravhaugar) i Seljord omtalt.
  • Den første som omtalte og registrerte gravhaugar og oldsakfunn på Dyrskuplassen (Nordgarden), var Th. Winther. Han gjorde registrering av attverande gravhaugar i tillegg til litt mindre utgraving.
  • Seinare kom Nicolay Nicolaysen, som blei riksantikvar. Han grov ut 25 gravhaugar i 1893.
  • I meir eller mindre privat regi blei det i 1898 grave ut eit rikt gravfunn i nærleiken av Dyrskufjoset. Funnet blei heldigvis sendt inn til oldsaksamlinga og registrert der.
  • Seinare har det vore spreidde lausfunn fram til at meir systematisk utgraving blei sett i gang.
  • I 2006 gjennomførte Kulturminneavdelinga i Telemark fylke og Kulturhistorisk Museum ei utgraving på og omkring tomta til den nye Storstogo på Dyrskuplassen.
  • I 2013 blei det gjort ei stor utgraving vest på plassen på I-feltet med mellom anna funn av tuft etter langhus.
  • Våren 2022 skal det gjerast nye utgravingar, då får vi sjå om plassen har endå fleire skjulte skattar.

Nokre funn frå plassen

  • Eldre jernalder: sverdskjede i sølv, kar i keramikk, celt, perle i glas, spenne i bronse, saks, nøkkel i bronse, sverd i bronse, spjot, betalingsring i gull, spinnehjul, rangle
  • Merovingartid: Tviegga sverd, ljå
  • Vikingtid: Skjoldbule, tviegga sverd, økseblad, øks, beksel, eidstål

 

Kjelder:

  • Flatin, Tov: Seljord I. Oslo 1942-1945
  • Kjos, Ole: Bosettingspor Dyrskuplassen, 41/1,2. Rapport økologisk utgravning: Kulturhistorisk Museum, UiO 2008
  • Leigh McGraw, Jessica: Hus, kokegroper og smie frå jernalder. Dyrkingspor frå bronsealder. Nordgaarden, 41/1. Rapport økologisk utgravning: Kulturhistorisk Museum. UiO 2008
  • Nicolaysen, Nicoly: Udgravninger 1893 og 1898. I Foreningen til norske fortids-minnesmerkers bevaring. Aarsberetning for 1893 og 1898
  • Rue, Odd Vidar: Tidleg fast busetting i Seljord, Årsskrift for Seljord Sogelag 2002
  • Wille, Hans Jacob: Beskrivelse over Sillejords Præstegield, København 1786
  • Winther, Th.: Udgravninger 1880. I Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring. Aarsberetning for 1880