Dyrskuavisa 2024

Velkomen til rotekte opplevingar og folkefest!
Her kan du lese Dyrskuavisa 2024.

09.09.2024
Frå eit hjarteleg møte på Dyrsku'n

Dyrskuavisa forside 2024

Sjå Dyrskuavisa 2024 (pdf).

Velkomen til Dyrsku’n

Det er med stor glede vi ynskjer velkomen til den 157. Dyrsku’n! I år har vi eit større og meir mangfaldig program enn nokon sinne, og heile 800 utstillarar ventar dei mange tusen gjestene som valfartar til årets store folkefest – Dyrsku´n i Seljord.

Aslak Snarteland, Styreleiar

I over 150 år har folk kome frå heile landet til den tradisjonsrike Fesjåplassen i Seljord for å kjenne den særeigne stemninga og oppleve kulturberaren og folkefesten Dyrsku’n. Her finn ein utstilling og dømming av dyr, kulturprogram med lokale og nasjonale aktørar, husflids- og handverksutstillingar, historisk framvising av landbruket, samstundes som innovasjonen står sentralt under arrangementet.

Dyrsku’n viser fram bygdekultur og verdiar frå bygda som er svært sentrale for viktige utfordringar verda står overfor. Det er også avgjerande for den meir urbane delen av befolkninga å forstå historiene.

I Fjoset på fredag kan du oppleve våre tradisjonsrike husdyrutstillingar, og på laurdag og sundag blir det hesteutstillingar med nokre av Noregs flottaste travhestar.

Dyrsku’n er handel, læring og opplevingar for liten og stor, og vi er stolte over at heile landet er representert blant våre besøkande. Våre yngste gjester har eit særs rikhaldig program å velje i der ein mellom anna kan lære om gardsdrift på gamalt vis, besøke ein vikingleir, delta på matlaging, hesteriding, skogtunet og mykje meir. Garantert mykje moro blir det òg når Nordens største tivoli kjem til plassen med alle sine karusellar og aktivitetar. Barnas Bondegard finn du bak Informasjonen, her kan du både treffe dyr og lære meir om kor maten vi et, kjem frå.

Som nasjonal arena for landbruk og mat, er fokuset på mattryggleik og berekraft større og viktigare enn nokon gong. I TettPå arenaen blir det debattar, foredrag og konferansar gjennom heile helga, og laurdag inviterer vi til 4-rettars gourmetmiddag av og med Olav Lie Nilsen. Her kan du høyre historia bak maten, samstundes som du nyt fantastiske smakar frå gode norske råvarer. Fredag ser vi fram til Dyrskukonferansen med tema Verdas Matsystem – moglegheiter i familielandbruket, samt kåringa av Årets Unge Bonde fredag kveld, som blir arrangert saman med Felleskjøpet og McDonalds.
Laurdag blir konferansen Kvinner i Landbruket arrangert i samarbeid med Felleskjøpet og Tun.

I Møt landbruket blir det spennande bondeduell mellom Bondelaget og småbrukarlaget og samtale mellom Landbruks- og matminister og Årets unge Bonde om korleis ungdommen ser på norsk landbruk i framtida. Spennande blir det også når vi skal utfordre finansminister Trygve Slagsvold Vedum om distrikta, velferden og finansane.

Dyrsku’n er staden for mange unike og fruktbare møte mellom tradisjon og nyskaping, gründerar og etablerte firma, og mellom by og land. I dessa møta skapast kunnskap og stoltheit om norske tradisjonar og norsk bygdekultur, så vel som nyskaping og gründerverksemd.

Kunnskapsformidling via rotekte opplevingar, debatt og foredrag er sentrale innslag på Dyrsku’n og vi håpar du finn både inspirasjon og ny kunnskap på våre mange arenaer.

Hjarteleg velkommen til rotekte opplevingar på Dyrsku’n 2024!