Totalt 120 matutstillarar tilbyr spennande produkt og her kan du finne mange godbitar med vel etablerte produkt, og nye og særeigne produkt innanfor lokalmat. I utstillarlista for matutstillarar får du oversikt over dei ulike produsentane, kategoriar, produkt og standnummer. Dyrsku-appen er eit nyttig verktøy for å finne utstillarar du ynskjer å besøke.
I Lokalmat-kjøkkenet og på Telemarksstanden får du kjøpt menyar med produkt frå lokalmatutstillarane, her finn du og oppskrifter som kan nyttast.
Ta ein titt på lista over matutstillarar og planlegg handlerunden som sikrar gode måltid og matopplevingar utover hausten!