Knut vart heidra med Torkjell Haugerud-prisen

Styret for Torkjell Haugerud Minnefond nytta høve under årets Dyrsku å dele ut prisen til Knut Buen frå Tuddal i Telemark.

15.09.2018

Prisen består av ei gullmedalje med tilhøyrande diplom, og blir gjeven for meisterspelet på hardingfele og stor innsats for folkemusikk i mange år.

 

Styret framhevar at Knut er ein av dei fremste ambassadørane for norsk folkemusikk og kjenneteiknast med sitt gode humør og humoristiske framstillingar. Knut er ein meisterspelar og historieforteljar på øvste hylle, og er allereie ei av legendene i norsk hardingfeletradisjon.

I grunngjevinga stend det at han er blant dei viktigaste bindeledda mellom tidlegare tider og notida innan norsk hardingfelespel og er såleis ein kulturberar av rang. Ein dreg samanlikningar mellom Knut og Myllarguten som hadde ei særeigen evne til å kopiere kjeldene på ein unik måte i slått og spelestil, for så å utfolde seg i eigen tradisjon og formidling. Knut er ein framifrå komponist, diktar, slåttesamlar og formidlar.

Minnefondet blei stifta i 1967 og i vedtektene stend det følgande:

«Torkjell Haugerud-prisen skal henge sers høgt. Denne skal kunne gjevast til menn eller kvinner som i lang tid har gjort innsats i denne musikkgreini, og gjerne i andre greiner av folkemusikken. Det kan vere framifrå spel gjennom mange år og dertil komposisjon, odling av den nedervde folkemusikken og eventuell annan stor innsats innan folkemusikk-sektoren. Det skal ikkje vere noko årviss utdeling. Det kan soleis gå både eit og fleire år mellom utdelingane»

Dei strenge statuttane for prisen er delt inn i fleire kategoriar som kan føre fram til tildeling. Knut Buen er den fyrste mottakaren som fyller kriteria i alle kategoriar. I 2016 fekk spelemannen Leif Rygh prisen, og i 2003 fekk Sven Nyhus utmerkinga. Før det hadde det gått 17 år sidan sist utdeling. Einaste kvinneleg mottakar av heidersprisen er Kristiane Lund frå Bø i Telemark (1970).

Styret i Torkjell Haugerud-prisen er Torunn Raftevold Rue (leiar), Aud Manheim og Torgeir Straand.