På lag med Dyrsku’n

Inntekter frå Dyrsku’n gir kjærkomne tilskot til lag og foreiningar i Telemark. Til gjengjeld fyller foreiningane 1500 vakter med serviceinnstilte menneske.

06.09.2019

Prosjektleiar for Dyrsku’n, Marit Mæland, set nemleg lista høgt når det gjeld handtering av publikum, og ho ser fram til det ho kallar årets eksamen.

– Som publikum startar inntrykket frå du møter parkeringsvaktene, kjem gjennom billettluka, kjøper deg mat, går på toalettet eller oppsøkjer aktivitetar. Alle som jobbar her, er ein del av eit tannhjul i eit større maskineri, og lag og organisasjonar har ein kjempeviktig jobb som vertskap, seier Marit.

Andre helga i september kjem det 80 000–90 000 menneske til Seljord. Målet til Marit er at alle saman skal reise frå Dyrskuplassen med store smil og eit ønskje om å kome tilbake år etter år.
– Desse tre dagane i september er årets eksamen for oss! smiler den engasjerte prosjektleiaren.

Dei tilsette i Dyrsku’n er klare for årets «eksamen»

Tradisjonsrikt samarbeid

Dyrsku’n sitt samarbeid med lag og foreiningar har lange og solide tradisjonar. Grendelag, Raudekrossen, skuleklassar, kor og idrettslag frå både Seljord og andre plassar i Telemark fyller kvart år 1500 vakter på Dyrsku’n. Dei som jobbar dugnad for laget sitt, er difor med på å skaffe viktige inntekter til lagkassa.
Ein av samarbeidspartnarane er idrettslaget Rein frå Haukeli. For tredje år på rad er dei leigd inn for å servere mat i Storstogo. Nelly Hermansen, ansvarleg i IL Rein, er ikkje i tvil om kva Dyrsku’n betyr for det vesle idrettslaget.

Frå venstre: Inger Johanne Tveito, Nelly Hermansen, Gunhild Hege Dalen og Marianne Hermansen frå IL Rein står klare til å servere mat i Storstogo. Foto: Privat

Fantastiske inntekter

– Inntektene frå Dyrsku’n er fantastiske for oss. Ikkje minst er det lett-tente pengar samanlikna med anna dugnadsarbeid. Faktisk treng vi ikkje ha andre dugnader når vi får lov til å vere med på dette, seier Nelly.

Pengane er med på å finansiere overtrekksdressar til alle i klubben, skirenn, fotballaktivitetar og andre arrangement. No ser Nelly fram til nok ei arbeidshelg på Dyrsku’n.

– Det er sosialt og veldig moro, og vi får mange hyggelege tilbakemeldingar frå arrangøren, publikum og utstillarane, fortel Nelly.

Stort for seljordingane

Også lokale lag og foreiningar nyt godt av inntektene frå Dyrsku’n. Heidi Skaret Myrvang er fotballtrenar i Seljord IL og har eit tett og nært forhold til arrangementet.

– Seljordingar snakkar om før og etter Dyrsku’n, så det er veldig stort for oss. Det betyr masse folk, morosam jobbing og dugnad for idrettslaget, smiler Heidi.

Fotballtrenar Heidi Skaret Myrvang kan ha vintertrening med laga sine takka vere Dyrsku’n. Foto: Tun Byrå

Inntekter til laget

Laga til Heidi er flittige brukarar av kunstgrasbana i Seljord. Bana er finansiert og blir drifta ved hjelp av inntekter frå Dyrsku’n.

– Det er klart at det er givande å trene på eit så flott anlegg som vi har fått her, seier trenaren. – Utan Dyrsku’n hadde vi ikkje kunne hatt vintertrening, og inntektene gjer at vi kan halde kontingenten svært låg, fortel ho. Alt dette gjer at fleire barn og unge vel å trene fotball.

Arena for unge

Kristine Dyrland har trent fotball i åtte år, og ho har vore på Dyrsku’n sidan ho var lita. No jobbar ho for Seljord IL under arrangementet og har blitt gammal nok til å stå i kiosk. Ho ser korleis laget nyt godt av inntektene, men innrømmer at det ligg hard jobbing bak.

– Det kan vere litt slitsamt å stå i kiosken når det kjem masse folk, men det er veldig moro når du må jobbe fort, fortel Kristine. Men ho er ikkje på Dyrsku’n berre for å jobbe.

– Dyrsku’n er alltid eit høgdepunkt på hausten. Når skulen startar, snakkar vi om at det snart er Dyrsku’n. Det er ein kjempefin samlingsplass, seier 15-åringen.

Kristine er oppvaksen med Dyrsku’n. Foto: Tun Byrå

Ifølgje Marit Mæland stadfestar besøkstala at også unge blir trekte mot arrangementet.

– Mange har jo fått Dyrsku’n inn med morsmjølka, medan andre har høyrt om det frå jamnaldra, så det er moro, synest ho.

Felles mål

Alle inntektene frå sjølve Dyrsku’n går tilbake til arrangementet. Dette går til drift og vedlikehald av Dyrskuplassen, men også til å kunne vidareutvikle Dyrsku’n til det beste for både besøkande og utstillarar. Førebuingane til årets arrangement har gått føre seg sidan sist Dyrsku’n gjekk av stabelen.

– Vi er opptekne av å ha ein god dialog med alle samarbeidspartnarar, lag og foreiningar. Vi har jamnlege møte for å sikre at vi alle jobbar mot eit felles mål: å få publikum til å kome att, seier Marit.

Rotekte opplevingar

I ei tid der folk flest ikkje lenger har kontakt med dyr, ser Marit på Dyrsku’n som ein viktig arena for å formidle kunnskap om landbruk, dyrevelferd og matproduksjon. Som salsmesse trur Marit den sanselege opplevinga er det aller viktigaste konkurransefortrinnet.

– Vi er i konkurranse med heile verda via internett. I dag kan ein kjøpe alt på nett, men det kan ikkje konkurrere med rotekte opplevingar. På Dyrsku’n får du lukte, smake og ta på ting, seier den engasjerte prosjektleiaren, som no gler seg og håper på topp karakter frå publikum etter Dyrsku’n 2019.