Fantastisk ramme for viktige samtaler

På standen til AT Skog, over ein kopp kaffi nykoka på bålet, der skjer det! Skognæringas møte med sentrale politikarar.

14.09.2018

I ei uformell ramme, omkransa av bålrøyk, der treff leiar av Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum skogeigarane.

Foto: Vedum på besøk på Skogtunet

Stemninga er lett og ledig. Praten går, slik bålpraten gjerne gjer. Men temaet er kan hende ikkje den vanlege bålsamtala. Her vert det diskutera den nyaste innovasjonen for bruk av tre: nemleg dyrefôr. Og på bålmenyen står grangris. Dette er gris som er fora opp på tre frå norske skogar. Og etter partileiarens fornøgde smil å døme, så står det i alle fall ikkje på smaken!

Olav A. Veum, styreleiar i AT-skog og Norges skogeierlag, er fornøgd med bålpraten. «Settinga her på Dyrsku’n er så fantastisk uformell. Me får diskutere tilstanden i skognæringa og får formidla ting me er opptekne av», seier Veum. «Dette er ein utruleg god møteplass!». Og det er ingen tvil om at senterpartileiaren er oppriktig interessert i det som vert formidla.

Foto: Ingrid Håkenåsen, doktorgrads-stipendiat ved NMBU fortel engasjera om grangrisen

Og doktorgrads-stipendiat ved NMBU, Ingrid Håkenåsen, får ein prat med Slagsvold Vedum over bålet. Ho forskar på nye proteinråvarer i grisefor. Ho fortel at ho eigenhendig har valt ut dagens gris. Den vert no heilgrilla over open eld, på sjølvaste Dyrsku’n. Det blei altså forskingsobjektets endestasjon, til glede for mang ei gane denne fyrste dagen på Dyrsku’n.

 

Og for Slagsvold Vedum blei dette berre den første smaken på fantastiske råvarer frå Telemark. Hans ferd gjekk vidare til Matteltet. Her fekk mang ein lokalmatprodusent gle seg over partileiarens engasjement og blide vesen. «Ein blir jo glad av så mykje god mat», blei det sagt. Og med det kan ein slå fast at Dyrsku’n gjev ei fantastisk ramme for viktige samtaler med sentrale premissgjevarar – om det er rundt bålet eller over bondens bord.

Foto: Vedum i hjarteleg møte med den sprudlande kjøkkensjefen Svein Jæger Hansen