Det er morosamt å vere barn på Dyrsku’n!

Vi tilbyr eit vell av aktivitetar for både store og små. Kva med ponniriding, handverksaktivitetar, bli viking for ein dag og Tivoli?

01.09.2022
Dyrsku'n er eit eldorado for barn med mange aktivitetar, dyr og kurs.

På Dyrsku’n kan du velje og vrake i aktivitetar!

Ponniriding og kjepphest

Aktivitetsstallen Furuheim/Klosterskogen inviterer til ponniriding og kjepp- hest på Ridebanen ved Husdyrhallen.

Lær om skogen og køyr hogstmaskin

På Skogtunet kan borna lære seg å spikke, gå spennande skogsti for å lære om skogen eller prøve ein simulator for hogstmaskin.

Tredreiing

Tredreiing for borna ved Hall B i regi av Norges Husflidslag.

Bli viking for éin dag

I Vikingleiren kan du vere med Olavs Menn på vikingleikar, skyte med pil og boge, riste runar og sjå ekte sverdkamp. Vikingleiren finn du på Område E.

Lær om tradisjonell gardsdrift

På Sterke Nils-tunet kan borna sjå fjøsstell og mjølking av geiter, vere med på pussing og stell av fjordhest, smiing, toving, plantefarging og eplepressing.

Bli kjend med dyra

På Veslestaulen kan borna komme tett på høner, kaniner og andre husdyr. Dei minste dyra kan dei få kjæle og stelle med. Det er Nome vgs, avd. Søve som er til stades på arenaen. Her kan du òg treffe Norges Kaninhopperes Landsforbund som viser hinderhopp med kaniner. Du finn dyra ved Informasjonen.

Tivoli med pariserhjul

Lunds Tivoli kjem med eit heilt nytt, 40 meter høgt pariserhjul. Dei har òg med seg fire nye barnekarusellar med hoppande kenguruar og flygande elefantar, ein

ballongkarusell og ein liten tekoppkarusell. Her vert det morosamt for liten og stor!

Fikselaug og spikking

Lær å stoppe sokkar og fikse tøy gjennom prosjektet «Holdbart» som er Norges Husflidslags satsing fram mot 2023. Prosjektet ser spesielt på saman- hengen mellom husflid og berekraft. I prosjektet «Rundt bålet» kan du prøve å spikke. Alt dette skjer på Dalane skule.