Tett på kulturen, naturen og saka

Dyrsku’n er Noregs viktigaste møteplass for mat og landbruk, handel, politiske debattar, foredrag og rotekte opplevingar. Nytt av året er konseptet «TettPå» som på fleire arenaer og gjennom ulike aktivitetar skal ta dei besøkjande med på ei spanande reise tett på alt Dyrsku’n elles har å by på.

25.08.2022

Tekst: Stine Helland, Tun Byrå | Foto: Dag Jenssen

 

Kort sagt handlar Dyrsku’n om å vere tett på kulturen, naturen og saka. Konseptet «TettPå» er eigentleg ei oppsummering av Dyrsku’n, forklarar Geir Helge Espedalen, administrerande direktør i Dyrsku’n.

Han fortel at dei til årets messe har bygd fleire fysiske arenaer der det skal arrangerast konferansar, presentasjonar og demonstrasjonar. Dette kjem som eit tillegg til alt det ein vanlegvis kan oppleve på Dyrsku’n.

Kunnskap og opplevingar for alle

Det er formidling av kunnskap og opplevingar som er hovudtanken bak konseptet. Vi ynskjer å bidra til å styrke kunnskapsnivået til gjestene anten dei går rundt på maskinutstillinga, ser på dyra, prøver seg i smia eller deltar på ein av våre mange aktivitetar. Kvar einskild utstillar, seljar eller demonstratør bidreg her med viktig informasjonsformidling, seier Espedalen.

Vidare fortel han at publikummet på Dyrsku’n er ei herleg blanding av menneske frå store delar av landet, frå by og bygd, med varierande interesser og kunnskapsnivå.

– Dyrsku’n får stadig fleire besøkjande frå regionane rundt dei store byane. Samstundes står tradisjonen med å reisa til Dyrsku’n år etter år sterkt for veldig mange. Vi må derfor syte for å gje alle sjansen til å læra og oppleva noko nytt, sier Espedalen.

Tett på

Dyrsku’n bognar av dyr, kunsthand- verk, husflid, mat og kultur. Mange dyktige produsentar stiller ut varene sine, og formidlar kunnskap om kor- leis maten eller vara vert produsert. Medan mange er godt nøgde med å gå rundt på eiga hand, ynskjer andre å komme litt tettare på det som skjer, og gå meir i detalj innanfor enkelte interessefelt.

– I år vil vi mellom anna arrangere guida turar rundt på messeområdet for dei som er interessert i å følgje maten frå kua til bordet. Vi inviterer òg til middag laurdagskvelden, der gjestene blir tatt med på ei opplevingsrik matreise. Dei vil der både få med seg historiene bak råvarene og kulturelle innslag av ingen ringare enn Knut Buen. Vonleg gjev seansen deg eit anna forhold til det norske landbruket via maten du et, seier Espedalen, og legg til at arrangementet er ope for alle, men at det er avgrensa med plassar, og difor må ein melde seg på til middagen.

Eit anna arrangement er konferansen «Kvinner i landbruket» som òg blir arrangert på laurdagen. Der samlast kvinner med tilknyting til landbruket for å hente inspirasjon og møte andre i same situasjon. Spennande føredrags- haldarar skal snakke om høgaktuelle tema, som til dømes psykisk helse, og historier om kvinner som har lukkast i landbruket.

Fylkeskommunen i Vestfold og Telemark skal i samarbeid med Vest- Telemark museum halde føredrag om spennande arkeologiske funn på Dyrskuplassen. I tillegg vil einskilde utstillarar og organisasjonar ha eigne arrangement rundt om på Dyrskuplassen.

– Ynskjer du å komme tettare på, så vil eg absolutt anbefale deg å bli med på eit TettPå-arrangement. Det er alltid noko å lære, og nye opplevingar ventar, seier Espedalen.

Du finn TettPå-arenaen mellom Storstogo og Matkvartalet.

 

PROGRAM TETT PÅ

Fredag:

●  Botndalsdøra – presentasjon

●  Kåseri om norsk siderproduksjon

●  Sidersmaking

Laurdag:

●  Kvinner i Landbruket – konferanse

●  Kulinarisk middag med kortreiste råvarer

●  Kunsten å ikkje kaste mat – foredrag

●  Botndalsdøra – presentasjon

●  Utgravingane på Dyrskuplassen – seminar

●  Kåseri om norsk siderproduksjon

●  Sidersmaking

●  Norsk tradisjonsost – foredrag

●  Botndalsdøra – presentasjon

●  Pris- og premieutdeling husflid, handverk og design

●  Gudsteneste

●  Kutoppen – kjent frå Dyreparken i Kristiansand