Dyrsku'n

Vårmarknad

JoleMarknad

Mat/kompetanse

Dyrskuplassen

Inkubator

Info

Oktoberfest 2. oktober

Me ynskjer velkomen til Oktoberfest i ekte Bayersk ånd. Me kan freiste med konkurransar med premiar og god mat - og ikkje minst godt drikke!
Det blir levande musikk, dans og allsong med Lunde Blæsekompani, og tradisjonelle konkurransar som spiker i stokk, revekrok, øl-tønneløft osb.

Les meir
Premielista for husflid er klar
Premielista for husflidsutstillinga er no klar. Heile lista kan lastast ned som PDF-fil.

Last ned

Nyskapingsprisen til Erik Gjendem
Husflidstevlinga Dyrsku'n tildelar nyskapingsprisen for 2010 til Erik Gjendem frå Arendal for ”kubbestål”. Smidd stol.

Les meir
Stimuleringsprisen til Anne Line S. Hørtha
Husflidstevlinga Dyrsku'n tildelar stimuleringsprisen 2010 til
Anne Line S. Hørtha frå Morgedal for slangesølje i sylvarbeid.
Les meir

Ny kafé i Husdyrhallen
I år blir det nok ein serveringsstad på Dyrsku’n. I andre høgda i Husdyrhallen blei det i fjor lagt ei nytt golv på begge sider av hallen. Den eine sida disponerer Bondens møteplass medan det har blitt plass til ein ny kafé på nordsida.
Les meir

Dåpsklede i Gongestoga
Vest-Telemark Museum har i år fått ansvaret for å lage ei utstilling av dåpsklede i Gongestoga. Det blir ein del klede frå 1800-talet, men også nokre nyare klede som blir henta frå det rikhaldige magasinet.
Les meir

Direkte TV-sending frå Dyrskuplassen
NRK Østafjells skal vie mesteparten av TV-sendinga si fredag kveld til Dyrsku’n. Blant anna skal dei prøve å finne arvtakaren etter Sterke-Nils.
- Planen er å vise folkelivet på Dyrsku’n. Men denne gongen vil me helst trekke fram unge krefter, fortel vaktsjef Thor Øistein Eriksen i NRK Østafjells.

Les meir

Nytt stort tivoli med lange tradisjonar
Alt i 1895 reiste Lunds Tivoli rundt med hestedrivne karusellar. I år kjem Skandinavias største tivoli til Dyrsku’n med eit 33 meter høgt pariserhjul.
Tivoliet på Dyrsku’n blir i år større enn nokon gong. Arealet blir utvida og området blir pynta med blomar, tre og fontener. Etter ein ny anbodsrunde i vinter, er det no klart at det blir Lunds Tivoli frå Ålgård i Rogaland som kjem.

Les meir

Frå oppsettinga i 2009
Leif Arild Sanden som S. Myljomtveit
Sveinung Myljomtveit m/fam. rir igjen
Me møter óg i år Sveinung og Borghild Myljomtveit med familie i årets Dyrskuteater. Dette er ei fortsetjing frå oppsetninga i 2009. Me er attende midt på 1960-talet for å fylgje familiens førebuingar til Dyrsku’n.
Les meir

Nye opningstider
Publikum må merke seg at det er nye opningstider på Dyrsku’n i år. Fredag og laurdag er portane opne 09.00 til 20.00 og sundag 09.00 til 18.00. Dermed er det ikkje vits i å vere ved porten kl 8 om morgonen som tidlegare år.
- Skulle nokon vere alt for tidleg ute får dei heller kome inn til meg i restauranten i Storstoga og kjøpe ein kaffikopp, seier kjøkkensjef Hermann Lissl.

Heiderspris til Helge Bjørn Lønnestad
I år går heidersprisen til ein medarbeidar som har gjort ein innsats for Dyrsku’n i over 35 år. Helge Bjørn Lønnestad frå Seljord starta som medhjelpar på husflidsutstillinga i 1961 og heldt det gåande til lang ut på 90-talet.
Les meir

Fartsfylt hesteshow under Dyrsku’n
Det blir eit forrykande hesteshow under Dyrsku’n i år. Anders Lefdal m/familie stiller med 16 hestar som skal gjere ulike ”stunt”. Du kan sjå mellom anna ungarsk post med 6 hestar, kvadriljeriding, hestar som kan hoppe tau, voltige, chic horse m.m. Alt dette og meir til kan du sjå på sundagen inne på Fjoset kl. 12.00.

Kjend designar stiller ut på Dyrsku’n
Tine Solheim er særutstillar og stiller ut eigen design i hall B i samband med husflidsutstillinga under Dyrsku’n. Solheim er busett i Oslo der ho driv butikk og atelier. Ho har levera antrekk til både kjendisar og kongefamilie og er vel mest kjent for sine antrekk innan maskedesign. Ofte brukar ho tradisjonelle norske mønstre i sine antrekk, og kombinerar ofte stoff og masker. Ho har og gitt ut bøkane ”Maskeball” og ”Maskepi”, som du kan få kjøpt i hallen under Dyrsku’n.
Eldre pressemeldingar
ARRANGEMENT
PÅ DYRSKUPLASSEN

8 dagar att til
Seljordutstillinga Dyrsku'n
10.09 - 12.09.2010

30 dagar att til
Oktoberfest
02.10 - 02.10.2010

86 dagar att til
Jolemarknad
27.11 - 28.11.2010

260 dagar att til
Vårmarknad - Brukt og del - ferie og fritid
20.05 - 21.05.2011

298 dagar att til
Landskappleiken
27.06 - 03.07.2011

307 dagar att til
Seljordfestivalen
06.07 - 10.07.2011

328 dagar att til
Countryfestivalen
27.07 - 31.07.2011

372 dagar att til
Dyrsku'n
09.09 - 11.09.2011

450 dagar att til
Jolemarknad
26.11 - 27.11.2011

743 dagar att til
Dyrsku'n
14.09 - 16.09.2012

DYRSKU'N
I MEDIA

Telen:
Ting, tang og aktivitet

Dagbladet:
Norgesferie for folk og fe

Tungt.no:
Politikere på velgerjakt i Seljord

Bondelaget:
50 000 innanfor portane

TV 2 (Betalingssteneste):
Erna Solberg mest populær

NRK Dagsrevyen:
Erna Solberg på Dyrsku'n

Dansk TV:
Dyrsku'n direkte i dansk TV

TA:
Kanonåpning for Dyrsku´n

Varden:
Dyrskuspelet 2009 - bildeblunk fra 1965

Varden:
Knallstart på folkefesten

Nationen:
Åpnet i strålende sol

Vest-Telemark Blad:
Den fyrste maskinseljaren jubilerer

Dyrsku'n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord. Telefon 35 06 57 70, faks 35 06 57 84, epost: post@dyrskun.no