Skogtunet oversikt

Skogtunet

Skogtunet er ei «grøn lunge» der du kan puste ut med ein kopp nykoka bålkaffi. Hos oss møter du bedrifter og organisasjonar innan skog og skogbruk.

SKOGKURS

Skogkurs er eit landsdekkjande kompetansesenter for skog og utmark. Vi bidreg til at skogeigarar, jegerar og næringa kan ta berekraftige val i planlegging og gjennomføring.

Du finn ressursar og kurs på nettsidene våre: www.skogkurs.no.

På Dyrsku’n kan du bli med på minikurs i motorsag – få gode råd og stille spørsmål direkte til fagfolk.

Skogkurs Dyrskun 2025. Fotograf: Skogkurs

Fotograf: Skogkurs

NOME VGS – Avdeling SØVE

Er du interessert i skog og natur, og nysgjerrig på ei naturfagleg utdanning? På Skogtunet kan du «prøvekøyre» ein skogsmaskin i maskinsimulatoren og snakke med elevar frå Nome VGS, avdeling Søve, som har valt skogen og naturen som framtidig arbeidsplass. Dei arrangerer òg ein uhøgtideleg konkurranse i sverdsnu på motorsag. Publikum er òg velkomne til å utfordre elevane.

Elev jobber med motorsag på Søve.

Møt elevar frå Nome VGS, avdeling Søve.

FRAMTRE

FramTre er eit skogeigarsamvirke som representerer 8 800 medlemer i Telemark, Agder, Rogaland og Vestland. Vi er til stades i heile verdikjeda – frå planting og stell av skog, til hogst og produksjon av ferdig trelast. På Skogtunet møter du dei dedikerte tilsette våre, som jobbar kvar dag for at skogeigarane skal få mest mogleg ut av skogen sin.

Simon Thorsdal, direktør for bærekraft og samfunnskontakt i FramTre og Ingrid Knotten Haugberg, fagsjef skog og utmark hos Statsforvalteren i Vestfold og Telemark. Foto: FramTre

Simon Thorsdal, direktør for bærekraft og samfunnskontakt i FramTre og Ingrid Knotten Haugberg, fagsjef skog og utmark hos Statsforvalteren i Vestfold og Telemark. Foto: FramTre

NORTØMMER / NORSKOG

NORSKOG vart etablert av aktive skogeigarar i 1950, og har som mål å arbeide for gode rammevilkår for skognæringa. I 1998 valde NORSKOG å leggje tømmeromsetninga si til dotterselskapet NORTØMMER for å rendyrke tømmeromsetninga. Slik aukar konkurransen i tømmermarknaden – noko som alltid kjem skogeigaren til gode!

På Dyrsku’n får alle besøkande høve til å bli betre kjende med tenestene til NORTØMMER og det næringspolitiske arbeidet til NORSKOG. Ta turen innom standen vår for ein hyggeleg tømmerprat! Sjå òg nettsidene våre: NORTØMMER.

STATSFORVALTAREN er staten sin representant i fylka og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. På Skogtunet er Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark til stades for å snakke med skogeigarar og allmenta om både gode erfaringar og krevjande utfordringar. Statsforvaltaren er oppteken av ungskogpleie og andre viktige tiltak for å sikre framtidig skogproduksjon.

SKOGSELSKAPET formidlar kunnskap om bruk av skog og skogbruk til alle, men er kanskje mest kjent for skuleskogdagar og naturstiar rundt omkring i landet. I tillegg er Skogselskapet engasjert i planteproduksjon og frøforsyning til skogbruket. Skogselskapet bidreg aktivt overfor næringa gjennom ei rekkje tiltak og prosjekt, mellom anna JOB:U – eit sommarjobbtilbod for ungdom i skogen.

På Dyrsku’n stiller vi med mange aktivitetar: spikking, fuglekassebygging, natursti i Barneskogen og pedaldriven skogsmaskin! Kom innom og ta ein prat med oss!

barneaktiviteter på skogtunet collage

Barneaktiviteter på Skogtunet