Kom tettare på!

Dyrsku’n serverer eit variert program med spanande konferansar, fagleg påfyll, livlege debattar, god underhaldning og nydeleg lokal mat og drikke. Bli med litt tettare på, du også!

29.08.2023

Dyrsku’n er ein nasjonal arena for landbruk, handel og mat, og ikkje minst for utstilling av levande dyr. Heilt frå Johan Lindeqvist si tid har det vore eit mål å fremje innovasjon og forbetringar som kan gje folk ny kunnskap, nye løysingar og gode opplevingar. Som eit naturleg ledd i dette arbeidet utvikla Dyrsku’n konseptet TettPå, der programmet i all hovudsak går føre seg i dei to telta TettPå.

Sjå program