Dyrskukonferansen

Velkomen til Dyrskukonferansen 2026 – Norsk mat: Frå vilje til handling. Konferansen er fullteikna, men kan følgjast direkte her og i TettPåMaten frå kl. 13.00.

08.08.2026
Dyrskukonferansen

Dyrskukonferansen 2026 program

2026 er Totalforsvarsåret – regjeringa si nasjonale satsing for å styrkje Noregs evne til å handtere kriser. Matforsyning er peika ut som eitt av dei kritiske samfunnsområda i totalberedskapsmeldinga, og sjølvforsyningsgraden for norsk mat ligg framleis på om lag 40–45 prosent – godt under Stortinget sitt mål om 50 prosent innan utgangen av 2026.

Konferansen går føre seg med inviterte gjester på TettPå Stor kl. 13.00–15.00. Konferansen er fullteikna, men kan følgjast direkte her, og i TettPåMaten frå kl. 13.00.

Program 2026 – Norsk mat: Frå vilje til handling

12.15 Dørane opnast

13.00 Velkomen!

«Frå ord til jord»
Medverkande:
Geir Helge Espedalen – adm. dir. Dyrsku’n
Trude Flatland – styreleiar, Dyrsku’n
Nils Kristen Sandtrøen – landbruks- og matminister (Ap)

Statsråden peikar på at Noreg skal styrkje eigen matproduksjon. Spørsmålet konferansen stiller tilbake, er: Er dette vilje, eller er det ein plan? Noreg er framleis eit godt stykke frå Stortinget sitt mål om 50 prosent sjølvforsyning, korrigert for fôrimport, innan 2030. Dagens nivå ligg på om lag 34–40 prosent.

«Frå gjødsel til geopolitikk»
Medverkande:
Svein Tore Holsether – konsernsjef, Yara International
Bent Høie – statsforvaltar i Rogaland og leiar av regjeringa sitt Matsystemutval

Holsether representerer den globale gjødsel- og matvarekjeda, medan Høie leier ekspertutvalet som skal leggje fram Noregs offentlege utgreiing om framtidas matsystem 1. november 2026.
Samtalen går frå det globale til det lokale: Kva skal Noreg sjølv styre, og kva er vi avhengige av utanfrå?

«Finlands vilje til handling»
Medverkande:
Elina Ovaskainen – spesialrådgjevar i det finske landbruks- og skogbruksministeriet

Finland har nettopp lagt fram ein ny nasjonal matstrategi mot 2040. Sett opp mot den norske debatten er spørsmålet: Korleis omset naboen i aust viljen sin til konkret politikk?
På konferansen vil Ovaskainen gi eit eksklusivt innblikk i visjonen for strategien og presentere den komande finske handlingsplanen for 2027 – eit vegkart for korleis Finland vil sikre sjølvforsyning, eksportvekst og naturkloke løysingar i tiåra som kjem.

«Frå festtale til forplikting»
Medverkande:
Petter Haas Brubakk – NHO
Anne Berit Aker Hansen – NNN
Bernt Apeland – Virke

Kva skal til for å omsetje ambisjonar om meir norsk matproduksjon og betre beredskap til konkrete tiltak og forpliktande samarbeid?

«Børs eller bås»
Medverkande:
Ann-Beth Freuchen – konsernsjef, Tine
Jens Lippestad – styreleiar, Felleskjøpet
Olav Eik Nes – Norsvin

TINE, Felleskjøpet og Norsvin er store nasjonale selskap med internasjonal aktivitet – og dei er eigde utelukkande av norske bønder.
Er dei klare til å ta sin del av ansvaret for auka norsk matproduksjon og betre beredskap?

«Fjoset som beredskap»
Medverkande:
Eirin Trintrud – geitebonde
Silje Maria Kvaale By – kubonde
Bente Torstensen – direktør, Nofima, og medlem av Matsystemutvalet

Beredskap er ikkje berre eit ord i ei stortingsmelding – meir konkret er det ein geitebonde som står opp klokka fem kvar morgon.

«Slaget om matfatet»
Medverkande:
Nils Kristen Sandtrøen – Ap
Trygve Slagsvold Vedum – Sp
Bård Hoksrud – Frp

Er skiljelinjene mellom partia reelle, eller mest kosmetikk framfor neste val – og er den norske landbruksmodellen rusta til å levere mat når krise og krig trugar?
Følg den politiske debatten om kven som faktisk vil satse på norsk mat, og kven som berre snakkar om det.

«Dagens dom»
Medverkande:
Anne Ekornholm – politisk redaktør,
Nationen Torbjørn Røe Isaksen – samfunnsredaktør, E24

Etter ein dag med store ord og tunge tema er det pressa sin tur til å dømme.
Bør vi lære av Finland?
Var det substans bak lovnadene, eller hadde vi høyrt det meste før?

«Dialog som beredskap»
Tillit gir fred – med leiar av Nobelkomiteen, Jørgen Watne Frydnes.

«Skråblikk på middagsbordet»
Kåseri med Are Kalvø

Konferansen blir strøyma, og du kan følgje direktesendinga frå TettPå Maten. Ta plass og få med deg aktuelle perspektiv, sterke stemmer og viktige debattar om norsk mat og landbruk.

Sjå Dyrskukonferansen 2025.

 

Sjå Dyrskukonferansen 2024.