Saman om framtidas frivilligheit

Bli med på årets møteplass under Dyrsku’n! Telemark fylkeskommune og Dyrsku’n inviterer til ein inspirerande konferanse laurdagen der frivilligheita står i sentrum.

 

17.08.2026
Dyrskuplassen i Seljord - oversiktsbilde

Dato: 12. september 2026
Stad: TettPå-arenaen
Tid: kl. 13.30–17.00

Frivilligheit på dagsordenen

Vi set frivilligheita på dagsordenen, både nasjonalt og regionalt. Vi skal utforske spørsmål som:

Korleis bidreg frivilligheita til fellesskap, folkehelse og tilhøyrsle?
Kva rolle kan frivilligheita spele i beredskap og samfunnsutvikling?
Korleis skaper vi gode rammer for frivillig aktivitet gjennom møteplassar, lokale og samarbeid?

Program

13.30 Mat, mingling og registrering

13.55 Musikk av og med Kjetil Flatland

14.00 Velkomen ved Hilde Alice Vågsli og Stig Kolbjørnsen, hovudutvalsleiarar i Telemark fylkeskommune

14.05 Korleis står det til med frivilligheita?
Ved Stian Slotterøy Johnsen, generalsekretær i Frivillighet Norge

14.20 Dei unge frivillige – kva skjer no?
Ved Aleksander Snarheim, nestleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)

14.30 Beredskap i ei uroleg verd – frivilligheita si kraft og rolle
Ved Malin Stensønes, generalsekretær i Landsrådet for Heimevernet

14.45 Frivilligheit; fellesskap og meistring. Eit oppspel til dialogen mellom frivilligheita og politikken
Ved fylkesordførar Terje Riis Johansen

15.00 Speed date med politikarar

15.55 Musikk av og med Kjetil Flatland

16.05 Korleis kan offentlege verksemder styrkje frivilligheita?
Ved Helge Galdal, fylkessjef for utdanning, folkehelse og tannhelse

16.15 Meir liv i same hus. Når skule, idrett og kultur blir samla
Bamble kommune

16.25 Ringerike kommune – Årets frivilligkommune 2025

16.40 Motivasjon, lagarbeid og verdiar i frivilligheita
Ved Mads Kaggestad

17.00 Vel heim, eller ei runde på Dyrsku’n først!

Last ned programmet her (pdf).

Inspirasjon

Mads Kaggestad er ein av innleiarane og inspiratorane denne dagen. Han set ord på verdien av å bidra til noko større enn seg sjølv, og kvifor fellesskap, dugnadsånd og frivillig innsats er blant dei viktigaste ressursane vi har i samfunnet vårt.

Påmelding

Påmelding er nødvendig dersom du ønskjer mat ved oppstart mellom kl. 13.30 og 14.00.

Dersom du ikkje skal ete, er du hjarteleg velkomen til å delta utan påmelding.

Meld deg på her.

Medarrangører Telemark Fylkeskommune og Frivillighet Norge.