Det handlar ikkje først og fremst om alder, men om generasjonar av bønder som har stått saman for å skape trygg avsetning for mjølka, arbeidsplassar i heile landet og mat på norske bord. Historia starta fordi bønder såg at dei var sterkare saman enn kvar for seg. Den tanken er like viktig i dag.
Vi lever i ei tid der matberedskap har fått ei ny tyding. Stadig fleire ser at evna til å produsere mat i eige land er viktig både for tryggleik og sjølvforsyning.
Noreg har naturgitte føresetnader som gjer mjølk og husdyrhald spesielt viktig. Store delar av jordbruksarealet vårt kan brukast til grasdyrking, og drøvtyggjarane gjer denne ressursen om til næringsrik mat av høg kvalitet.
For TINE heng berekraft, matproduksjon og beredskap tett saman. Berekraft er ikkje noko som kjem i tillegg til drifta. Det er ein del av ho.
Derfor jobbar vi kvar dag saman med mjølkebøndene for å redusere utslepp, ta vare på dyra, styrkje jordhelsa og bruke ressursane endå betre. Norsk mjølkeproduksjon har allereie gjennom fleire tiår jobba systematisk med avl, dyrehelse, fruktbarheit og fôring, noko som har bidrege til å redusere klimaavtrykket frå mjølka.
Det finst inga enkel løysing som åleine gjer norsk matproduksjon meir berekraftig. Framgangen kjem gjennom summen av mange små og store tiltak. Alt heng saman med alt.
Derfor er vi også stolte av å dele ut TINEs berekraftspris på Dyrsku’n. Prisen løftar fram bønder som viser veg, og som gjennom praktiske tiltak bidreg til eit endå meir berekraftig landbruk.
Dei minner oss om at berekraft handlar om å forvalte garden, jorda og ressursane slik at neste generasjon kan overta dei i minst like god stand som vi sjølve fekk dei. Dette er kanskje den viktigaste oppgåva vi har. Ikkje berre å produsere mat for i dag, men å leggje grunnlaget for at Noreg også kan produsere mat i generasjonane som kjem.