Prisar Nasjonal tevling husflid, handverk og design

Norges Husflidslag deler ut diplom og prisar for godt handverk under årets Dyrsku’n. Her er vinnarane av Diplom for godt handverk, Nyskapingsprisen og Stimuleringsprisen 2026.

10.09.2026
Stimuleringspris Steinar Krogstad

Stimuleringspris 2026

Kniv med fuglemotiv av Steinar Krogstad

Stimuleringsprisen vert delt ut til ein utøvar som utmerkar seg med særs godt handverk til stimulering for vidare arbeid. Prisen vert delt ut av Dyrsku’n og er på 5000 kr.

I år vart det nominert fire arbeid til stimuleringsprisen av dommarane på alle tevlande kategoriar. Ein jury frå Vest-Telemark Museum og Norges Husflidslag har vurdert nominasjonane og vore samrøystes om vinnaren.

Mottakaren av stimuleringsprisen for 2026 er Steinar Krokstad. Arbeidet viser svært høg kvalitet, nytenking og ein utsøkt sans for detaljar, linjeføring og komposisjon. Slira er pauta med fjør som fylgjer formspråket til skaftet. Dommarane meiner at knivmakaren tek i bruk kreative metodar og viser eit høgt nivå som bør stimulerast til å jobbe vidare med.

Prisen er på kr 5000 og gjeven av Dyrsku’n Arrangement AS.

Stimuleringspris Steinar Krogstad

Stimuleringspris til Steinar Krogstad.

Nyskapingspris

Nyskapingsprisen vert delt ut under mottoet «Nye skot frå gamle røter».
Denne prisen skal legge vekt på at:

  • Arbeidet skal ha røter i handverk- og husflidstradisjonane våre
  • Arbeidet skal vise noko nytt i høve til gamle tradisjonar ved t.d. å ha nye bruksfunksjonar, ny design når det kjem til dekor og form, eller nye kombinasjonar av teknikkar
  • Arbeidet skal vise husflid tilpassa vår eiga tid
  • Arbeidet skal ha god teknisk utføring
  • Arbeidet skal ikkje vere kopi av gamalt handverk

Prisen er på kr. 5000,- + diplom gjeven av Norges Husflidslag

Klatrestativ av Andreas Valebjørg i Valebjørg Design

Norges Husflidslag ynskjer å gje årets pris til ei nyskaping som introduserer born til norske treslag i leik.
Klatrestativet er sett saman av ulike harde treslag samanføyd slik at tekstur og fargespel blir framheva. Stativet kan byggast ut og vendast på etter behovet til brukaren, og dashbordet med blinkljos og vindaugsviskarar kan takast av og på.

Det er innovativt at born kan oppleve, til og med herje med, eit vakkert og eksklusivt tremøbel i edle lauvtresortar. Arbeidet har røter i husflid- og handverkstradisjonane våre, eit eigenarta design, og syner husflid tilpassa vår tid i tillegg til å ha ei god teknisk utføring. Vi heiar på ei berekraftig og klok utvikling innan leiker og opplevingar for born gjennom handverk.

Klatrestativ Nyskapingspris Valebjørg

Nyskapingspris Andreas Valebjørg.

Diplom for godt handverk

Diplomet vert gjeve til utøvarar som utmerkar seg i tevlinga med minst to av desse tre kriteria.

  • Arbeidet skal vere ei vidareføring av norske handverk- og husflidstradisjonar.
  • Kreativitet og nytenking skal lønast.
  • Arbeidet skal vise fagkunnskap.

Opp til tre diplom kan delast ut under kvar tevling.

1 Kunstsmiing av Magnus Aleksander Vatndal

Norges Husflidslag vil dele ut diplom for godt handverk til ein handverkar som med sterk dedikasjon, imponerande arbeidsprosess og intrikat, velkomponert design har skapt eit slåande verk. Det er laga spesialverktøy for å realisere og bygge dei ulike komponentane. Designet er spennande med ei sameining av fransk gotikk og norsk Ringerike- og Urnesstil.

Magnus Aleksander Vartdal

Magnus Aleksander Vartndal

2 Neverkorg av Inger Marit Bjordam Dalen

Bjordam Dalen vidarefører ein langvarig handverkstradisjon der det manuelle handverket står sentralt i alle ledd av prosessen frå flekking til fletting. Alle estetiske element har ein praktisk og nyttig funksjon. Neverkorga er solid utført, stilrein og tidlaus med ein presisjon som viser til høg meistring av handverket. Juryen vil rose eit elegant samspel mellom neverfletting, hank, festeanordningar og tægersaum.

Pris godt handverk Inger Marit Bjordam Dalen

Inger Marit Bjordam Dalen

3 Forkle med rekonstruert knipling av Elena Skokova

Skokova har ikkje tatt nokre snarvegar i sitt arbeid. Forkleet er sett saman av silkedamask, stråperler, silkefløyel og ein knipleteknikk som både er krevjande, lite kjend, og utført med vanskeleg tilgjengelege materialar. Fargevalet i knipling en er både spennande og harmonisk mot fløyelen den ligg på og dannar eit vakkert og tradisjonsriktig forkle.

Elena Skokova Pris godt handverk

Elena Skokova

Vi gratulerer!