I teltet «TettPå Landbruket» skal Telemarks beste potetskrellar kårast. Men ikkje nok med det – det blir også EU-debatt og ein tvikamp mellom to tidlegare landbruksministrar.
Nationen utfordrar
I år som i fjor inviterer Nationen til ei rekkje debattar og politikarmøte.
Fredag klokka 12 skal landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen samtale med Årets unge bonde 2025, Jens Ludvig Sørli, om framtida i næringa. Då blir teltet fylt med ungdom som går på landbruksskule, og som kan stille spørsmål direkte til statsråden. Samtalen skal leiast av Anne Ekornholmen, politisk redaktør i Nationen.
– Dette er eit godt høve for unge som ønskjer seg inn i jord- og skogbruksnæringa, seier Ekornholmen.
– Kvart år kjem ungdommane med gode, skarpe spørsmål og krav til landbruksministeren.
Fredag klokka 15 legg kommentator i Nationen, Eva Nordlund, til rette for ein tvikamp mellom Sp og Frp, og mellom to tidlegare landbruksministrar: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum møter Frps Bård Hoksrud til dyst om distriktspolitikken.
Klokka 18 er det duka for det årlege Bondetoppmøtet mellom leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming, og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Tor Jacob Solberg. Kva er utfordringane i næringa nett no? Kan hende har dei ulikt syn på akkurat dette. Og er inntektsgapet endeleg tetta? Anne Ekornholmen er ordstyrar.
Laurdag klokka 14 tek Nationen beredskapsdebatten. Mellom anna Knut Storberget, statsforvaltar i Innlandet og tidlegare leiar av Forsvarskommisjonen, sit i panelet.
– Han vil få følgje av fleire med kunnskap om forsvar, sjølvforsyning og matsikkerheit, seier Ekornholmen, som framleis er i dialog med aktuelle debattantar.
Klokka 15 snakkar Nationens Eva Nordlund med Julie Brodtkorp om framtida i bygg- og anleggsnæringa. Politikarar blir også utfordra i denne samtalen.
– Folk som har drive i desse næringane sidan andre verdskrigen, seier dei ikkje har opplevd verre tider. Då må vi spørje korleis politikarane kan hindre at arbeidsplassar i distrikta går tapt, seier Eva Nordlund.
Nytt namn
Tidlegare har alt dette gått føre seg i teltet «Møt landbruket», men i år har det fått nytt namn: «TettPå Landbruket».
Årsaka til namnebytet er mellom anna eit ønske om ei profilering i tråd med dei andre arenaene, som også heiter «TettPå».
– Ei anna årsak til namnebytet er at vi ønskjer å signalisere tydeleg at Dyrsku’n-publikummet på denne arenaen får høve til å kome tett på norsk landbruk og matproduksjon, seier Jan Thorsen i Telemark Bondelag, som saman med Nationen og Dyrsku’n er ansvarleg for TettPå Landbruket – staden for politiske debattar, interessante samtalar og underhaldning.
– Kva er det viktigaste med teltet?
– TettPå Landbruket-teltet skal vere staden for debattar og foredrag som bidreg til å auke kunnskapen om norsk matproduksjon, både for dei som ikkje har tilknyting til landbruk eller norsk matproduksjon, og for bonden. I tillegg er foredragsteltet ein stad der folk møtest og kanskje knyter nye kontaktar, seier Jan Thorsen.
Det endelege programmet blir spikra i desse dagar. Men det blir lagt opp til både debattar og foredrag. Du kan bli betre kjend med Noregs Bygdekvinnelag, og det blir EU-debatt.
Jan Thorsen peikar på at Dyrsku’n også er ein folkefest, og det vil ein også merke i «TettPå Landbruket».
– Knut Buen og Halvor Kleppen vil også i år varte opp med gode historier og framifrå felespel. Og ikkje minst – på sundagen skal vi kåre telemarksmeisteren i potetskrelling, seier han.
Foto: Thorleif Moe Bratval