– På Sterke Nils-tunet er det tradisjonen som står i sentrum, slik det har vore i alle år. Dette er ein kjempefin plass for familiar og barn å få kome tett på dyra og sjå og kjenne litt på korleis tradisjonane våre kan bli med inn i framtida, seier Marit Mæland, prosjektleiar i Dyrsku’n.
Plassen er oppkalla etter legenda Nils Olavsson Langedal (omkring 1722–1800), ein grueleg sterk Seljord-mann det finst ei rekkje segn og bygdeviser om. Han skal mellom anna ha lyfta ein 570 kilo tung stein, som i dag har fått ei minneplate på seg og ligg utanfor Seljord kyrkje.
Sterke Nils-tunet er eit rekonstruert gardstun med stoga som Nils vaks opp i, flytta hit frå Seljordshei.
Frå ku og geit til potettrykk
Mæland fortel at det sjølvsagt blir mogleg å kome tett på dyra på det tradisjonsrike tunet. Her kjem både ku, geit og hest, som vanleg.
4H Telemark står for kunnskapsformidling med aktivitetar som toving med farga ull, eplepressing, potettrykk på handlenett, plantefarging og røyking av fisk.
For dei vaksne blir det sjølvsagt mogleg å få seg ein god kopp kaffi. Den er det Landslaget for Telemarksfe som kokar, og dei vil samstundes formidle meir om arbeidet sitt med telemarksfe. Om mjølk er meir di greie, er også Sterke Nils-tunet den rette plassen.
Setermjølka i sentrum
– I år har vi valt å ha fokus på setermjølka, og planen er at ein skal kunne få smake på ulike typar mjølk, som kumjølk, sauemjølk og geitemjølk, seier André Trondsen, prosjektleiar for mat og drikke i Dyrsku’n.
Utvalde kulturlandskap i jordbruket er på plass, og Trondsen ser fram til at dei skal formidle kor viktig det er å nytte potensialet som ligg i utmarksressursane her i landet.
– Mjølk frå utmarksressursar, eller setermjølk, for å seie det litt enklare, ber preg av kva dyra beitar på. Mellom anna blir både smaken og feittprosenten annleis enn i mjølk frå dyr fôra på silo og kraftfôr, og ein får eit større mangfald i mjølka ein produserer på denne måten, seier Trondsen.
Om du føretrekk mjølkeprodukt av den endå kaldare sorten, bør du finne vegen til isbaren, der det blir mogleg å kjøle seg ned med lokalprodusert is og ulike toppingar baserte på norsk frukt og andre råvarer.
Setermjølka får òg ekstra merksemd inne på Lokalmat-kjøkkenet, der Bygdekvinnelaget og elevar frå mat- og restaurantfaglinja ved Hjalmar Johansen vidaregåande skule i Skien lagar rettar med ulike typar setermjølk.
Kulturarvsortar i dyrkekassar
Sjølv om mykje vil bli som før på Sterke Nils-tunet, kjem det òg nokre nye element, fortel Trondsen.
– I år får vi inn 24 dyrkekassar med gamle kulturarvsortar av både urter og plantar, mellom anna, seier han.
Her blir det høve til å sjå alt frå kålrot, neper og grønkål til hovudkål, sellerirot og både raud og gul kepalauk – og sjølvsagt ulike sortar potet.