Meir lokalmat – fleire opplevingar!

Anten du er på jakt etter kortreist gardsost, lokaldyrka grønsaker eller eit smakfullt måltid laga på norske kvalitetsråvarer, er Lokalmat-teltet ein naturleg stopp på Dyrsku’n.

24.08.2026
Smaksprøver i Matteltet. Foto Mona B Kasin.

Midt i Matkvartalet finn du Lokalmat-teltet, der lokalmat, tradisjonar og norsk matkultur står i sentrum. I jubileumsåret blir teltet større enn nokon gong.

– I år utvidar vi teltet med ti meter i breidda. Det gjev plass til ein ny serveringsarena – litt som ein mathall – med om lag 150 sitjeplassar. Her kan du nyte alt frå god kaffilatte og tradisjonell rjomegraut frå Åmotsdal til spennande streetfood laga på norske råvarer, seier André Trondsen, matansvarleg i Dyrsku’n.

Servering og sitjeplassar

Den nye serveringsarenaen gjer det mogleg å setje seg ned og nyte maten midt blant produsentar, råvarer og levande matkultur.

Sjølve grunnstrukturen i teltet er den same som tidlegare, med lokalmatprodusentar frå heile landet og ein eigen Telemark-paviljong med aktørar frå fylket. Samstundes trur Dyrsku’n at den nye utforminga vil gje publikum ei endå rikare oppleving og fleire høve til å oppdage nye matfavorittar.

– Vi ønskjer å kople folk tettare på maten. Mange etterlyste fleire sitjeplassar inne i teltet i fjor, og difor er vi ekstra glade for å kunne tilby dette no.

Frå lefse til tortilla

På lokalmatkjøkkenet møtest elevar frå mat- og restaurantfag ved Hjalmar Johansen vidaregåande skule og Norges Bygdekvinnelag. Saman skal dei vise korleis tradisjonshandverk og moderne matglede kan gå hand i hand.

– Det blir spennande å sjå korleis gamle tradisjonar møter dagens matvanar. Det er eigentleg ikkje så langt frå den norske lefsa til tortillaen.

Publikum kan både smake klassiske norske rettar og oppleve dei i nye variantar som appellerer til fleire generasjonar.

– Har du med både besteforeldre og barn på Dyrsku’n, skal alle kunne finne noko dei har lyst til å smake på.

Lyfter fram prisvinnarane

I år blir det òg lettare å finne dei prisvinnande lokalmatprodusentane. Vinnarane av Årets lokalmatgründer og Årets mat- og drikkeprodukt får faste og godt synlege plassar i teltet.

– Vi ønskjer å løfte fram dei som har utmerka seg. Det gjev produsentane velfortent merksemd, samstundes som det blir enklare for publikum å oppdage prisvinnande matopplevingar.

Frå Lokalmat-teltet blir det òg inngang til den nye arenaen TettPå Maten, som får sitt eige konferansetelt. Les meir om den nye arenaen på side 14.

Heile Mat-Noreg på éin stad

Lokalmat-teltet skal spegle breidda i norsk matproduksjon. Difor er både små lokalmatprodusentar, regionale aktørar og dei store samvirka representerte.

– Norsk mat blir skapt gjennom eit samspel mellom små og store produsentar, ulike driftsformer og sterke fagmiljø. Vi ønskjer å vise heile verdikjeda, fordi alle har ei viktig rolle i å utvikle norsk matproduksjon.

Både Tine og Nortura er eigde av norske bønder og er ein del av infrastrukturen som mange lokalmatprodusentar er avhengige av – anten det handlar om levering av råvarer, foredling, kompetanse eller marknad.

– Lokalmat handlar om mangfald. På Dyrsku’n ønskjer vi å samle heile Mat-Noreg og vise korleis vi saman skaper mat basert på norske råvarer. Når små og store aktørar møtest, blir det gode samtalar, ny kunnskap og meir matglede for publikum.

Målet er at Lokalmat-teltet skal vere ein møteplass der publikum får oppleve breidda i norsk matproduksjon – frå den minste gardsverksemda til dei store samvirka – og sjå korleis alle er med på å skape levande mattradisjonar og framtidas norske matkultur.