For 17. år på rad skal Norges Bygdeungdomslag, Felleskjøpet og McDonald’s Norge heidre unge bønder. I vår kom det inn over 500 nominasjonar av framoverlente, unge bønder som gjer ein ekstra innsats for folk og dyr rundt seg. Ti kandidatar, frå Agder til Troms, gjekk vidare som semifinalistar, og gjennom sommaren har publikum stemt fram favorittane sine. Engasjementet har vore stort!
No skal fagjuryen avgjere kven som vinn. Prisen blir delt ut under opninga av Dyrsku’n i Seljord 11. september.
Om kåringa
Årets Unge Bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, Felleskjøpet Agri og McDonald’s Norge. Kåringa skal løfte fram unge, dyktige bønder som satsar på berekraftig matproduksjon og inspirerer andre til å velje landbruket som yrkesveg.

Ambjørg Skibdalen. Foto: Eryk Oskar Pettersen
Ambjørg Skibdalen
Ambjørg Skibdalen* driv Skibdalen Gard i Telemark saman med mannen Tommy.
Tommy jobbar offshore delar av året. Då er Ambjørg åleine om drifta og dei to barna. Ho er oppvaksen på gard, har agronomutdanning og bachelor i husdyrvitskap frå NMBU, og har også bakgrunn som avløysar.
– Det er veldig stas å vere finalist. Vi har lagt ned mykje arbeid i å byggje opp og utvikle drifta, så det betyr mykje at det vi gjer, blir lagt merke til, seier Ambjørg.
På garden har dei 50 vinterfôra sauer og 27 ammekyr. Garden er på om lag 4600 dekar, med fulldyrka jord, innmarksbeite og produktiv skog.
Byggjer opp drifta stein for stein
Då Tommy starta opp med sau i 2016, var det inga drift på garden. Sidan har dei to bygd om det gamle fjøset, utvida låven med tallefjøs og investert i nytt fjøs med plass til 40 ammekyr.
På lang sikt drøymer dei også om mjølkeproduksjon.
– Vi prøver å bruke dei ressursane garden har, på best mogleg måte. Det handlar om å byggje vidare steg for steg og skape ei drift som passar både dyra, jorda og oss som familie, fortel Ambjørg.
Dyrevelferd og klimaarbeid i praksis
Ambjørg jobbar førebyggjande med dyrehelse: godt grovfôr, smittevern, vaksinar, parasittkontroll og klauvskjering.
I fjøset har dei friområde for både lam og kalvar, med moglegheit for tilpassa fôring.
På garden er dei opptekne av grovfôrkvalitet. Dei har rydda fram gammalt kulturbeite, fornya eng og utbetra drenering. Dei bruker Nofence-klavar på alle dyr, noko som gir god oversikt og gjer det mogleg å utnytte utmarksbeitet godt.
Ambjørg er ein aktiv brukar av klimakalkulatoren, har hatt klimarådgiving og fått klimatiltaksplan. Ho er også spydspissbonde i Norges Bondelag og prosjektleiar for Klimasmart Bonde Telemark.
– God dyrevelferd startar med godt førebyggjande arbeid. Vi vil at dyra skal få ein best mogleg start på livet, og at dei skal få bruke beiteressursane så godt som mogleg, forklarer Ambjørg.
Engasjert i bygda
Ved sida av gardsdrifta har Ambjørg fleire frivillige verv. Ho er mellom anna nestleiar i Blefjell Idrettslag og styremedlem i Hovin Grendelag og Telemark Senterungdom.
Ho deler også frå bondekvardagen på TikTok og Instagram. Målet er å vise korleis livet er som bonde og småbarnsforelder. Garden har også teke imot både skular og barnehage.
– Eg ønskjer å vise fram ein ærleg bondekvardag. Det er mykje jobb, men også utruleg meiningsfullt å jobbe med dyr, jord og matproduksjon, avsluttar Ambjørg.
* Ambjørg heitte inntil nyleg Uverud, men no har ho og mannen bytt etternamn til Skibdalen.

Iselin og Jørgen. Foto: Eryk Oskar Pettersen
Iselin og Jørgen
Iselin og Jørgen driv Buktenes gard i Troms. Garden er kommunen sitt siste mjølkebruk. Jørgen har jobba fast på garden sidan 2017, og paret har eigd garden sidan 2023. Iselin jobbar deltid i heimetenesta.
Garden har rundt 30 mjølkekyr og 30 ungdyr. Sidan overtakinga har dei nesten dobla både mjølkekvoten og jordbruksarealet dei driv.
– Det betyr mykje å vere finalistar. Vi er stolte av garden vår, og av å vere med på å halde mjølkeproduksjonen i gang i Kvænangen, seier Iselin Mentzoni Eliassen og Jørgen Juul Thomassen.
Satsar på framtida som bønder
Iselin og Jørgen har hatt fokus på å utvikle garden, auke produksjonen og skape ei framtidsretta drift med dyrevelferd i sentrum.
Dei har mellom anna investert i nytt fjøs, mjølkerobot, traktor og fôrmiksar med automatisk fôring. Eit påbygg til 19 millionar kroner skal auke mjølkekvoten til 450 000 liter.
– Vi har valt å satse fordi vi trur på framtida her. Målet er å byggje ei drift som er god for dyra, god for oss og god for garden vidare, fortel Jørgen.
Rolege dyr og god oppfølging
Dyrevelferd er hovudprioritet i drifta. Iselin og Jørgen legg til rette for at dyra skal ha det best mogleg, med tett oppfølging og minst mogleg stress.
Dei har investert i vassenger til mjølkekyrne, noko som har skapt stor interesse blant bønder i heile regionen.
Iselin har kalvehelse som eit av spesialområda sine. Ho skal også ta kurs i klauvskjering og er påmeld hovslagarkurs til hausten.
– Vi ønskjer at dyra skal ha det roleg og godt. Når vi kjenner dyra godt, kan vi følgje dei tettare opp og gjere kvardagen deira betre, seier Iselin.
Jørgen er eigarinseminør. Det gjer at dyra kan inseminerast av ein person dei kjenner. Paret opplever at kyrne er rolegare når dette blir gjort av ein kjend person.
– For oss er kua berre ein liten del av livsløpet vårt, men for kua er vi ein del av heile livsløpet hennar. Derfor er dyrevelferd så viktig for oss, forklarer Jørgen.
Testar nye løysingar
Paret er spydspissbønder, bruker klimakalkulatoren og har laga klimaplan.
Etter at dei tok over drifta, gjekk dei frå éin til to slåttar. Det har bidrege til auka mjølkeproduksjon.
Dei prøver også ut andre frøblandingar og metodar enn det som er vanleg i regionen. Dei har kjøpt ei norsk direktesåmaskin som skal brukast til biologisk brakking. Målet er å redusere behovet for sprøytemiddel, forlengje levetida til enga og betre kvaliteten på fôret.
I tillegg har dei kjøpt ein mobil gjødselseparator. Dei har starta eit prøveprosjekt for å lage torvfri hagejord av tørrstoffet frå husdyrgjødsla.
– Vi likar å prøve ut nye løysingar. Noko handlar om klima og ressursbruk, og noko handlar om å få betre fôr og friskare jord, seier Jørgen.
Ambassadørar for landbruket
Iselin og Jørgen bruker mykje tid på verv og formidling.
Jørgen har fleire verv i Kvænangen Bondelag og sit i fylkesstyret i Troms Bondelag. Han har også vore fylkesleiar i Troms 4H, produsentlagsleiar, nestleiar og Genokontakt i TINE og TINE-ambassadør.
Iselin jobbar med eit Inn på tunet-tilbod på garden. Frå hausten av skal dei ha eit ettermiddagstilbod for ungdomsskuleelevar. Ho er også årsmøteutsending for Inn på tunet, tillitsvald i Fagforbundet, tidlegare leiar i Kvænangen rideklubb og aktiv i Norsk Folkehjelp.
Paret deler aktivt frå garden i sosiale medium, tek imot besøk og har jamleg skuleklassar på garden.
– Vi synest det er viktig å opne garden og vise fram kva landbruket er. Når folk får kome tett på, får dei også større forståing for maten og dyra, avsluttar Iselin og Jørgen.

Joar Straume. Foto: Eryk Oskar Pettersen
Joar Straume
Joar Straume kjem frå ein gard utanfor Bergen, men hadde ikkje odel. Draumen om eigen gard var sterk, og som 20-åring bestemte han seg for å flytte til ei lita øy på Helgelandskysten i Nordland. Før visninga hadde han aldri vore nord for Molde.
– Eg hadde ein sterk draum om å drive eigen gard. Då moglegheita kom, måtte eg berre gripe ho, seier Joar Straume.
Sidan hausten 2024 har Joar drive Nordbostad gard. Etter at han gifta seg i mars 2026, er kona Elena også aktivt med i drifta.
Satsar på mjølk på Helgelandskysten
Garden har mjølkeproduksjon på om lag 270 tonn, med rundt 42 mjølkekyr. I tillegg har dei ammekyr av rasen Hereford, nokre kystgeiter og om lag 470 mål fulldyrka jord. Beitemoglegheitene er gode, med 140 mål innmarksbeite og 1000 mål utmark.
– Det er fint å kunne byggje opp garden. Vi har mange gode moglegheiter for vidare utvikling, med mange gode ressursar, seier Joar.
Tett på dyra
For Joar handlar dyrevelferd om tett oppfølging. Han går fleire tilsynsrundar kvar dag, gir godt fôr, vitamin og saltstein og sørgjer for eit tørt miljø. Han har flytta småkalvane over på halm, lagt liggepall og gummi i bingane, sett inn leiker og kjøpt kjøleskap og råmjølkstestar.
Målet er at kalvane alltid skal få god råmjølk utan bakteriar.
– Eg likar veldig godt å vere saman med dyra. Eg er tett på dyra kvar dag. Små tiltak kan bety mykje, særleg for kalvane. Målet er at dei skal få ein trygg og god start, forklarer Joar.
Smarte val for jord, beite og drift
Joar bruker klimakalkulatoren og er oppteken av god agronomi. Beiting, god utnytting av gras- og jordressursar og det å ta vare på kulturlandskapet er viktig i drifta.
Kystgeitene beiter på kystlynghei, og slangespreieanlegget gir betre utnytting av husdyrgjødsla. Han har også byrja med markstakk og planlegg plansilo for å spare plast, drivstoff og dekkslitasje.
Sidan overtakinga har han teke i bruk Monil-klavar for å optimalisere bruken av utmarksbeite. Han har også kjøpt fleire kyr og leigd mjølkekvote.
– Eg prøver heile tida å finne løysingar som gjer drifta betre. Det handlar om alt frå beitebruk, gjødsel og grovfôr til investeringar som gir betre ressursutnytting, forklarer Joar.
Viser fram livet som ung bonde
Joar har engasjert seg i lokalsamfunnet, både gjennom bondelaget og som lokalpolitikar. Han inviterer stadig folk på besøk til garden.
På Facebook-sida til Nordbostad gard deler han bilete og videoar frå kvardagen. Han viser ærleg fram både oppturar og nedturar og gir folk eit ekte innblikk i livet som ung bonde på Helgeland.
– Eg vil vise korleis det faktisk er å vere ung bonde. Det er både oppturar og nedturar, men det er også eit veldig fint liv, avsluttar Joar.
Tekst: Gjete.no. Alle foto: Eryk Oskar Pettersen.