Malin Aarhus (30) er opphavleg frå Flatdal og har vore på Dyrsku’n så godt som alle åra ho har levd. Ho er utdanna musikklærar, men jobbar no som frilansar innan kulturfeltet og driv mellom anna Stoppested verden, Noregs største internasjonale festival for barn og unge.
Kjærasten Gisle Bangsund (42) arbeider som lærar i mediefag på ein vidaregåande skule i Kongsvinger, der paret bur i lag med Gisles to døtrer frå eit tidlegare forhold og labradoodlen Vetle.
– Hund var mi store kampsak. Eg og jentene var veldig klare for det, men Gisle, som er veldig allergisk, var meir skeptisk. I alle fall til vi tok han med for å møte dei første kvalpane. Då var det gjort, seier Malin og smiler lurt.
Ein hjørnestein i livet
Ein skal ikkje prate lenge med dei to før musikk blir tema. Gisle har spela i pønkband sidan han var 15 år, og sjølv om han skildrar alle banda som hobbyband, vedgår han at det tidvis har vore meir enn ein hobby.
– Det gamle bandet mitt turnerte litt rundt i verda, det var fantastisk gøy. Musikk er liksom hjørnesteinen i livet for oss begge to, trur eg.
Malin nikkar samd. Men der sambuaren har halde seg til pønk, har ho hovudsakleg operert innan hardrock og folkemusikk. Ho har vokal som hovudinstrument, men kan spele alt som kan spelast på eit ungdomsskulenivå, som ho seier.
Såg han og tenkte «Å nei!»
Historia om Malin og Gisle starta ein laurdag i 2021. Malin hadde vore i studio på Hamar, og ein kompis spurde om ho ville kome på konserten med bandet hans laurdagen etter. Sjølv om ho berre var middels interessert i dette bandet, sa ho ja.
Då laurdagen kom, sat Gisle heime i Kongsvinger då telefonen ringde. Ein kompis lurte på om han ville bli med på konsert. Gisle var nysingel og hadde eigentleg ikkje så lyst til å dra ut, men vart overtala, så han køyrde til Hamar.
Der varma dei opp med øl og musikk hjå kompisen – og så opna døra seg:
– Først kom ein kompis av han inn, og så såg eg Malin, som eg enno ikkje visste at var Malin. Då vart det litt sånn «PANG! Kven er dette?», seier han.
– Eg var òg forholdsvis nysingel og hadde ein plan om å vere det ganske lenge. Det fyrste eg tenkte var: «Å, nei!» For i det eg ser han, skjønar eg jo at dette kjem til å bli ei greie, fortel Malin.
Klisjeane som vart sanne
Ho hadde aldri hatt noko tru på kjærleik ved fyrste blikk. Ikkje Gisle heller.
– Både Gisle og eg har hatt ein aversjon mot alt som er romantisk og klissete, og syntest det var frykteleg teit. Men då vi møtte kvarandre, gav plutseleg alle desse klisjeane meining, seier Malin.
– Det kjendest med ein gong veldig sant og ekte, og det var eg ikkje førebudd på, medgjev Gisle.
Lura kjærasten trill rundt
Malin har arbeidd med Peer Gynt-spelet på Gålå i mange år. Dei siste åra har Gisle vore med, og han såg fort kor mykje både plassen og folka betyr for henne. For to år sidan la han ein plan:
Mot slutten av framsyninga skulle ho som spelte Solveig, ro ut på vatnet. For at ho raskt skulle kome tilbake for å ta imot applaus, fekk Malin jobben som stuntkvinne. Ute på vatnet i ein båt, med ei lommelykt som lyste henne rett i auga, såg ho ikkje noko av det som skjedde på land.
– Eg hadde eit håp om at vi kanskje kunne få ordna nokre ljos og faklar, seier Gisle.
For å kjøpe han litt tid fekk Malin beskjed om at ho ikkje hadde rodd langt nok ut dagen før. Ho stussa ikkje på det og mistenkte aldri at det var noko «romantisk kliss» i kjømda.
Ein sirkel av ljos og kjærleik
I eit lukkeleg samantreff hadde Malin nokre fribillettar denne kvelden, så både sjefen hennar, som ho står svært nær, og ho som skulle bli forlovaren hennar, var på plass. Medan Malin rodde, rigga dei gode hjelparane til Gisle ljos og faklar. Sjølv var han relativt nervøs no.
Seinare fekk Gisle høyre at jungeltelegrafen hadde gått under sjølve applausen. Med kvart bukk spreidde rykta seg:
«Det skal vere eit frieri!» «Backstage!» «Alle må kome!»
Då Malin kom gåande opp frå vatnet, kom ho inn i ein lyssirkel med alle folka ho er så glad i.
– Og så fridde eg, og ho sa ja.
Smis i Hymens lenkjer
Sjølve bryllaupet har dei lagt til sommaren, med ei heidundrande feiring av kjærleiken med familie og vener på Malungen gjestegård i Stange.
– Det viktigaste for oss er at vi vil ha mange folk, folk vi er glade i, som har betydd noko for oss i livet.
Og i haust skal paret smis i Hymens lenkjer på Dyrsku’n. Fyrste gong Gisle høyrde om denne tradisjonen, syntest han det var ein utruleg fin og romantisk gest. Malin var meir skeptisk.
– Eg vaks jo opp med det, og som med alt som hadde med kjærleik å gjere, syntest eg det var teit, ekkelt og klissete. Men då eg såg bryllaupet på Dyrsku’n etter at eg møtte Gisle, vart eg så rørt.