Mangfald av bryggeri på Dyrsku’n

Det blir eit spennande mangfald av bryggeri i øl- og siderbaren på årets Dyrsku. Baren er lokalisert i Storstogo servering, inne i teltet, og er open fredag og laurdag. Her kan de stifte nærare kjennskap til følgjande bryggeri:

06.09.2026

Ekeby Gardsbryggeri med sider

Ekeby Gardsbryggeri ligg i Værne Kloster landskapsvernområde utanfor Moss. Bryggeriet dyrkar sitt eige korn, som blir malta ved Malteriet i Kongsberg, og bryggjer om lag 1000 liter øl kvar veke.

Målet er ikkje å bli så stort som mogleg, men så godt som mogleg. Ekeby har 1000 eigarar og er velsigna av prosten.

Bygland Bryggeri

Bygland Bryggeri starta i 2017 i hjartet av Setesdal og har sidan den gong laga øl med sterke røter i norsk tradisjon og kultur. Bryggeriet tek vare på gamle bryggjeskikkar, med mellom anna kveik, einerlåg og lokale namn, og kombinerer desse med moderne handverk og nyskaping.

Ølet har tydeleg personlegdom, og kvar sort har sin eigen karakter, inspirert av dalen, fjella og menneska som bur der.

Bygland Bryggeri er meir enn eit bryggeri – det er ein del av kulturen i Setesdal. Sjølve omtalar dei dette som «innovasjon med tradisjon».

Lien Gård

Lien Gård ligg idyllisk til ved Norsjø, i hjartet av Telemark. Her har familien skapt nytt liv på småbruket og bygd opp ei verksemd med utgangspunkt i lokale råvarer og godt handverk.

På garden blir det produsert frukt, bær og honning. Råvarene blir foredla med stor omtanke til produkt av høg kvalitet, med mål om å skape ekte matglede og gode smaksopplevingar.

Frukta blir sortert, knust og pressa til rein eplemost. Eplemosten får deretter gjære vidare gjennom vinteren og blir til smaksrik eplesider. Sideren blir laga av eple frå eigen gard og frå andre lokale produsentar, og enkelte variantar blir òg tilsette bær for å skape særprega og spennande smakar.

Røros Bryggeri og Mineralvannfabrikk

Røros Bryggeri og Mineralvannfabrikk er ei tradisjonsrik familiebedrift med røter tilbake til 1900. Etter ein pause i drifta vart verksemda starta opp att i 2011 av lokale eldsjeler, og blir i dag driven som eit aktivt mikrobryggeri på Røros.

I dag produserer Røros Bryggeri og Mineralvannfabrikk øl, brus og bærdrikkar – både med og utan alkohol. Bedrifta legg vekt på bryggjarfaget, kvalitet og lokal tilhøyrsle, og skildrar sjølv ambisjonen som å lage «smaken av Røros».

Egge Gård

Egge Gård ligg i landbruksbygda Lier og har 20 000 epletre, som normalt gir rundt 100 tonn eple kvar haust. Garden er eigd av Marius Egge, som representerer 11. generasjon, og drifta blir i dag teken hand om av Gaia Gruppen.

Med utgangspunkt i eple frå lokalområdet produserer Egge Gård eit breitt utval av alkoholfrie og alkoholhaldige drikkar, mellom anna eplemost, sider og akevitt. Innovasjon, kvalitet og norske råvarer står sentralt, samstundes som garden legg vekt på naturleg og berekraftig produksjon. Egge Gård arbeider òg med eigendyrka druer og vidareutvikling av norske drikkevarer.

Øl- og sidersmaking

På Dyrsku’n kan du bli kjent med produsentar og dei smakfulle og prisvinnande produkta deira. Norsk sider har aldri vore så populær som no – han har utmerkt seg på kvalitet og vunne mange internasjonale prisar.

Bli med på øl- og sidersmaking på Dyrsku’n i TettPå Maten.