Du finn trygg, norsk, lokalprodusera mat laga med kjærleik på Dyrsku'n.

Matlyst på Dyrsku’n

Matlyst Dyrsku’n er ein kunnskapsformidlar innan landbruk og mat, med mål om å auke kunnskap og bevisstgjering rundt mat hos publikum.

 

Interessa for mat, og ikkje minst kunnskap og kjennskap til maten sitt opphav, er større enn nokon gong.

Med sine lange tradisjonar som handels- og marknadsplass både når det gjeld husdyr og mat har Dyrsku’n ein unik moglegheit til å vere ein formidlar av heile reisa frå jord til bord.

Blant årets utstillarar ventes opp mot 100 ulike aktørar, både nye og dei med lang fartstid på Dyrsku’n. Alle er dei handplukka av arrangøren for å skape breidde og rett kvalitet på messa. Gjennom aktivitetar og demonstrasjonar både i Matkvartalet og på Sterke Nils-tunet, vil vi formidle norsk matkultur, matkunnskap, inspirere og bevisstgjere våre gjester til å bruke norsk mat og drikke.

 

Norsk lokalmat- og drikke

Blant årets utstillarar ventar ein opp mot 100 ulike mat- og drikkeprodusentar frå store delar av landet, både nye og dei med lang fartstid på Dyrsku’n. Alle er dei handplukka av arrangøren for å skape breidde og rett kvalitet på messa.

 

Profilering av lokalmat og -drikke

Dyrsku’n arbeider for å løfte fram lokalmat og -drikkeprodusentar som er utstillarar på Dyrsku’n, ved å bruke utvalte produkt frå produsentane i serveringa på fleire arenaer. I Lokalmat-kjøkkenet med lokalmatpizza, i menyen i TettPå-arenaen og i Sterke Nils-tunets men med norsk tradisjonsost. På denne måten får utstillarane profilert produkta og verksemda si på ein særs god måte, og våre gjester får gode matopplevingar og god kjennskap til produkta utstillarane tilbyr.

Det blir lagt ned eit grundig arbeid med rettane til serveringsarenaen, så fort søknadsfristen for Dyrsku’n er ute, startar planleggia av menyar basera på produkta frå utstillarane.

 

Norsk drikke

I ølbaren i Storstogo servering finn ein eit utval av øl frå mikrobryggeri i landet. Vi er glad for å presentere desse flotte produkta i kombinasjon med lokalmat.

Sider er ei veksande næring som kjen for fullt i Noreg, på Dyrsku’n kan du stifte nærare kjennskap til fleire av dei prislønna produkta frå Midt-Telemark. Her kan ein melde seg på sidersmaking med dei ulike produsentane; her kan du lære meir om sider, dei ulike produkta og lære kva mat som passar inntil dei ulike produkta.

Kåring av Arets Mat & drikkeprodukt på Dyrsku’n

Kvart år er det kåring av årets matprodukt, der utvalde dommarar vurderer alle dei flotte produkta frå utstillarane våre. Vinnaren får pengepremie, heider og ære. Vinnaren blir kunngjort under den offisielle opninga på Dyrsku-fredagen.

Prisvinnarar: 

2014 Spekepølsa Stordalen frå Vinje Slakteri og Stordalen Gardsbruk

2015 Potetlefse frå Kjevla Hjemmebakeri

2016 Mimi Havsennep frå Arctic Mustard

2017 Osten Pepperknollen frå Thorbjørnrud Ysteri

2018 Smør med gresskarkjerner frå Romstad Gard

2019 Årets foredla: Sjokoladetrøflar med brun geitost og bær frå Stordalen Gardsbruk og Frukt Konfekt

2019 Årets Naturell: Mørbrad av reinsdyrkalv frå Rørosrein

2020 Dyrsku’n avlyst

2021 Dyrsku’n avlyst

2022 Kvita salatost med akevitt og karve frå Beiarmat

 

Utdeling av prisen Årets Lokalmatgründer

Utdelinga av prisen til Årets Lokalmatgründer skjer under den offisielle opninga på Dyrsku-fredagen.

 

Sterke Nils-tunet – sjølvberga gardstun anno 1800-talet

Her kan du møte dyra og oppleve sjølvberging, både med mat og handverk, som var nødvendig for å overleve før i tida.

Bli med på reisa frå jord til bord av norsk tradisjonsost, frå tilverking av for, mjølking av Telemarkskua på båsen, til budeiene i Ystebua som separerar, kinnar og ystar, til Bondelagskokkens fantastiske meny med ost frå budeiene og Norsk Gardsost som formidlar kunnskap om kulturskattar av norske tradisjonsostar.

Brygging av maltøl, takkebakst, røyking av fisk og mykje meir kan du lære meir om i Sterke Nils-tunet.

 

Steinomsbaking

Demonstrasjon og sal av steinomsbakst

 

Landbrukshallen

Presentasjon av matprodukt frå samvirkebedrifta Nortura.

Møt landbruket – teltet

Debatt- og foredragsarena med aktuelle tema innan mat og landbruk

TettPå-arenaer

Konferanse og foredragsarena med aktuelle tema innan mat og landbruk.

Husdyrhallen

Mataktivitetar – Telemark Bygdekvinnelag

Presentasjon av organisasjonar i norsk landbruk

Fjoset

Ku- og geiteutstilling, kalvemønstring, mønstring ungdom og ku

Kjøttfearena

Kjøttfeutstilling, temmeku