Hesteutstillinga på Dyrsku'n

Har du spørsmål om hesteutstillinga?

Hesteutstillinga på Dyrsku’n har utvikla seg til å bli ei av dei største utstillingane i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt. Vi inviterer hesteeigarar til å mønstre hest på årets Dyrsku, og spesielt ynskjer vi velkommen til dei særnorske rasane. Velkommen som hesteutstillar på Dyrsku’n!

Utstillinga held til i hjartet av messeområdet og gjev eit unikt høve til å oppleve Noregs største landbruksutstilling med gode opplevingar innan mat, landbruk, husflid, handverk, handel og kultur. På laurdag får du sjå ei forrykande hesteoppvising i Fjoset, full av fart og spenning.

Les meir om hesteutstillinga på Dyrsku’n her.

Har du andre spørsmål kring utstillinga?

Kontakt Ine Dahl – forbundssekretær i Telemark Travforbund

ine.dahl@rikstoto.no

Tlf. 450 07 063

Kontakt oss

Dyrsku'n Arrangement AS
For utstillarar