Med hjarte for Dyrsku'n

Utdeling av prisar husdyrtevlinga

På den ærverdige husdyrutstillinga på Dyrsku’n blir det årleg dela ut fleire prestisjetunge prisar. Les meir om dei her.

 

Dei største prisane er: 

Seljordprisen (kvart år) – Seljord kommune

Seljordprisen delast ut årleg til eit på førehand bestemt dyreslag.

Prisen er eit tresnitt av Terje Grøstad og blei innstifta av Seljord Kommune i 1969. Den gong dela dei ut prisen til det beste dyret uansett dyreslag. I 1999 vart det endra til at ein på førehand bestemte dyreslaget som var nominera. Dei tre dyreslaga det skulle vekslast om var ku, hest og geit. 

Prisen blir dela ut årleg. 

 

Dyrskuprisen (kvart år) – Samarbeidsrådet for Buskerud, Vestfold og Telemark og Telemark Landbruksselskap.

Dyrskuprisen er ein premie som årleg blir delt ut til dei to dyreslaga som ikkje omfattar årets Seljordpris.

Dyrskuprisen delast ut til beste kyr, beste hest og beste geit.

Dyra blir vurdert av domarane som veljar seg ut det beste eksemplaret av den enkelte rasen og vinn ei sylvskei og diplom. Prisen er ei gåve frå Samarbeidsrådet for Buskerud, Vestfold og Telemark og Telemarks Landbruksselskap. Prisen har vore delt ut sidan 1999. 

 

Johan Lindeqvists Sølvkande for kvæavl (kvart 3. år) – Telemark Landbruksselskap

Kvart tredje år delast ein av dei mest tradisjonsrike prisane ut på Dyrsku’n.

Ved testamentet av 22. juli 1898 har statsagronom Johan Lindeqvist bestemt at ei sølvkanne, som var skjenkt han av bønder i Telemark «som et ekjendlighedstegn for hans udmerkede fortjeneste av Tellemarkens kvægavl» og overrekt ham i Seljord den 17. september 1866, skulle overlates til Bratsberg amtskommune «paa en maate, som kan fremme kvægavlen i Bratsberg Amt» og « det maa alene tas hensyn til fortjenester av kvægavlen.»

I henhald til dette fastsette Bratsberg amts landhusholdningsselskap og Bratsberg amtsting i 1899 reglane. Fyrste gong for utdeling var i 1990, der Halvor H. Borgen i Bø fekk prisen. Statuttane er sist korrigert av Telemark landbruksselskap i 2016 med følgjande ordlyd: – Prioritert målgruppe for dei 6 neste åra er enkeltpersonar, lag og organisasjonar innanfor Telemark fylkes grenser som kan vise til særs godt arbeid innanfor miljømessig riktig og lønnsam kjøttproduksjon på storfe. Utdelinga gjerast kvart 3. år under Dyrsku’n. Det skal følgje eit diplom / varig gjenstand med prisen.

Styret i Telemark Landbruksselskap avgjer kven som får sølvkanna etter innstilling i frå ein jury beståande av ein representant i frå Statsforvaltaren, ein i frå TYR, ein i frå Landslaget for Telemarkfe og ein i frå Telemark Landbruksselskap.

 

Hans Kleppens Vandrekrus (kvart 2. år) – Telemark Landbruksselskap

Sylvkruset er ei gåve frå domar og bonde Hans Kleppen, Gjerpen, til Telemark Landbruksselskap og delast ut kvart 2. år.

Kruset var ei heidersgåve til Hans Kleppen på hans 70 års dag i 1926 i frå oppdrettarar i Telemark. Ved sitt testamente gav han kruset til Telemark Landbruksselskap for at det kan nyttast som vandrepremie for framhjelp av fehaldet i fylket og tildelast for dugande verksemd for Telemarkfe. Utmerkinga har vore dela ut på Dyrsku’n sidan 1950 av Telemark landbruksselskap.

Siste justering av statuttane i 2016 har følgjande ordlyd: – Prisen skal gå til besetningar med Telemarkfe og enkeltpersonar som kan vise til særs godt arbeid for kua. Tildelinga gjerast kvart 2. år under Dyrsku’n. Det skal følgje et diplom / varig gjenstand med prisen. Kleppens vandrekanne delast ut til enkeltpersonar og besetningar med tilhald innanfor Noreg sin grense.

Styret i Telemark Landbruksselskap avgjer kven som får sølvkanna etter innstilling i frå ein jury beståande av ein representant i frå Statsforvaltaren, ein i frå TYR, ein i frå Landslaget for Telemarkfe og ein i frå Telemark Landbruksselskap.

Seljordprisen og Dyrskuprisen delast ut til beste ku, geit og hest. I 2020 vert Seljordprisen dela ut til beste geit, og Dyrskuprisen vert dela ut til beste hest og ku.

Landslaget for Telemarkfe delar ut

  • Dyrsku-bjølla (kvart år)
  • Gro og Hølje Brekkas vandrepremie (kvart år om verdige kandidatar)
  • Beste ungdyr (kvart år)